Kvinnespranget i Setesdal

Agder fylkeskommune og Setesdal interkommunalt politisk råd inviterer kvinner i alle aldre til seminar om medvirkning og deltaking. Det blir arrangert tre slike "Kvinnesprang-seminar" i Agder, i samband med arbeidet med ulike planar, ikkje minst arbeidet med regionplanane.

Dato
27. oktober 2022
Tid
16:30 - 20:30
Sted
Revsnes hotell, Byglandsfjord

Påmelding  Innan 20. oktober

 

Kristine Hognerud Træland

Fylkestinget har vedtatt:
Det vil vere spesielt viktig å involvere ungdom og kvinner frå regionen ein formell rolle i prosessen frå oppstart av regionplanarbeidet.
 

Programmet på Revsnes denne torsdagen byrjar med middag etter arbeidstid. Ein ønsker å ha med så mange jenter og kvinner på seminaret. som mulig. Ikkje minst dei som er engasjert i frivillige organisasjonar, politikarar og andre interesserte. Målet er inspirere til å få med fleire kvinnestemmer i planlegging av samfunnsutviklinga i kommunane.
 

 

 


Hovedinnleiar er Kristine Hognestad Træland. Ho er filosof, men nok mest kjent for at ho budde sju år i ei lita hytte utafor allfarveg i Kvinesdal. Ho vil sei noko om det å ta eigne val, om dei er utradisjonelle. Andre deltakarar på seminaret har lokal tilknyting til Setesdal og Åseral.
 

Begrepet Kvinnespranget er inspirert av Skjelvaspranget (Tingvatn) og Jentespranget (Feda), som og er tittelen på ei bok av Sigbjørn Hølmebakk. I dag er det behov for eit nytt sprang: Eit kvinnesprang på egne premiss, som gjer at kvinner kan bestemme meir, ta meir plass og vere økonomisk sjølvstendige i alle livsfaser. (Lisbeth Raanes Hansen)

 

Program for Kvinnespranget i Setesdal (PDF, 333 kB)

 

Arrangør

Agder fylkeskommune og Setesdal interkommunalt politisk råd
Til toppen