Brøyting av fv. 450 Brokke-Suleskardvegen 2023
Knut Stian Horverak
– Det har vore relativt store mengder snø i fjellet, spesielt på setesdalsiden. Likevel opnar me vegen søndag 21. mai som planlagt, seier buggjeleiar Runar Gautestad i Agder fylkeskommune.
Vegen blir stengd for vinteren seinast måndag 31. oktober.
Villreinstammen
Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovudformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskrifta at vegen Brokke-Suleskard skal vera stengt i tidsrommet frå og med 1. november til og med 20. mai. Me kan heller ikkje starta arbeid med å brøyta vegen før 12. mai der vegen kryssar trekksona for villrein Vardsvatn-Kvislevassknuten.
Forskrifta om vern av Setesdal vesthei kan du lesa her: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2000-04-28-409
Brøyting av fv. 450 Brokke-Suleskardvegen 2023
Knut Stian Horverak
Brøyting av fv. 450 Brokke-Suleskardvegen 2023
Knut Stian Horverak
Brøyting av fv. 450 Brokke-Suleskardvegen 2023
Knut Stian Horverak