Inviterer til ny runde spørjeundersøking om korona og livskvalitet

Denne veka går det ut invitasjonar til over ti tusen personar i Agder om å svare på korleis korona påverker livskvalitet og psykisk helse.

Klikk for stort bildeFolkehelseundersøkingar gjev oss gode svar om innbyggjaranes helse. AdobeStock   

Om lag 55 000 personer i fire fylke blir no inviterte til ei spørjeundersøking om korona, livskvalitet og psykisk helse. Undersøkinga går ut til personar i Oslo, Agder, Vestland og Nordland.

Deltakarane blir spurde om dei følger råda om smittevern. I tillegg er det spørsmål om korleis dei opplever situasjonen under koronaepidemien, her blir det spørsmål om livskvalitet og psykisk helse.

Stor verdi for Agder

– Vi vil oppfordre dei som mottek invitasjon til å svare på undersøkinga. Den er viktig for å gje oss svar på korleis korona påverker livskvaliteten til folk, seier Oddmund Frøystein i analyseavdelinga i Agder fylkeskommune.

– I Agder og Nordland har folkehelseundersøkinga spesielt stor verdi, fordi det her blei gjennomført folkehelseundersøking rett før koronapandemien starta. Det gjer oss veldig gode moglegheiter til å samanlikna tall før og etter pandemien, forklarer rådgjevaren.

Har livskvaliteten endra seg under epidemien?

Det var ei liknande undersøking i Agder og Nordland i juni. Resultata viste at det var små endringar i livskvalitet, samanlikna med situasjonen før epidemien.

– I juni gjekk epidemien i Noreg tilbake, og samfunnet opna opp. No er vi i ein heilt annan situasjon. Epidemien har vart lenger, det er aukande smittetal, og deler av samfunnet stenger ned, seier Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet. 

Tilbakemeldingane skal vere til hjelp i smittevernarbeidet

Undersøkinga i dei fire fylka er ein del av arbeidet med å finne ut i kva grad folk etterlever råda om smittevern. 

- Vi håper å få svar på om det er forskjellar mellom ulike grupper i befolkninga og mellom landsdelar. Slik kunnskap vil vere til hjelp når smitteverntiltak skal utformast, seier Stoltenberg.

I Agder og Nordland vil spørjeskjemaet gå til personar som vart inviterte i førre runde, dette er for å kunne samanlikne svara. I Vestland og Oslo blir skjemaet sendt til personar som ikkje har vore med i fylkeshelseundersøkingar tidlegare.

Om undersøkinga

• Personar i Oslo og Vestland får invitasjonar frå 18. november. I Agder og Nordland startar utsendinga torsdag 19. november. Det blir invitert frå 10 000 til 20 000 personar i kvart fylke.

• Dei som blir inviterte, er 18 år og eldre.

• Deltakarane får invitasjon på e-post og sms og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.

• Det tar om lag 15-20 minutt å fylle ut skjemaet. 

• For å svare på undersøkinga logger du deg inn med personlig ID, for eksempel bank-ID eller Min-ID. Skjemaet kan fyllast ut enten på mobiltelefon, nettbrett eller PC.

Fylkeshelseundersøkingar har dei to siste åra vore gjennomførte i mange fylke. Undersøkingane har spørjeskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.

Folkehelseundersøkingar i Agder

Om fylkeshelseundersøkingar (FHI)

Til toppen