Illustrasjonsfoto av energirådgivning
Energiportalen.no
Agder fylkeskommune tilbyr no gratis energirådgiving til alle egder gjennom agder.energiportalen.no. Her kan du no analysera eigen bustad og finna ut kvar energi- og miljøvennleg han er.
agder.energiportalen.no
- Energiportalen er eit energiberekningsverktøy retta mot bustadeigarar.
- Gjennom Energiportalen får innbyggjarane ein objektiv energianalyse av bustaden sin.
- Der ser du effekten av ulike energitiltak og kva ein kan spara i kilowattimar, kroner og CO2-utslepp.
Søk på adressa di for å berekna dagens energibruk og straumkostnad. Legg inn fleire opplysningar om bustadstandard, oppvarming og informasjon om husstanden for ein best mogleg analyse. Portalen gir deg informasjon om kva energibesparende tiltak som er mest effektive for bustaden din.
Det er hovudutvalet for næring, klima og miljø i Agder fylkeskommune som har vedteke avtale om ein felles energiportal for heile Agder.
– Med dei høge energiprisane, er me nøydd til å ta grep. Me vil derfor tilby Energiportalen, som er ei gratis nettside for alle innbyggjarar i Agder. Me sparer der det er mogleg, og gode energitiltak krev gode analyseverktøy, seier Mathias Bernander, leiar for hovudutvalet for næring, klima og miljø i Agder fylkeskommune.
På bakgrunn av dei høge energiprisane er det behov for ei sterkare satsing på energitiltak i Agder. Fleire kommunar har derfor teke kontakt med Agder fylkeskommune for å få tilgang til Energiportalen.
Fremme kunnskap og gi råd
Målsetjinga med kampanjen er å fremja kunnskap og bevisstgjera innbyggjarane om eige energibruk og gi råd som reduserer energibruken og bidreg til ein meir klimavennleg kvardag.
Det vil også bli tilrettelagt for webinar for alle innbyggjarane som Naturvernforbundet vil gjennomføra. Den nettbaserte løysinga til energiportalen har vist seg å vera ein god måte å kommunisera energiforbruk og energitiltak på.
Om du ønskjer meir informasjon om kampanjen kan du gå inn på din kommunes nettside, eller bestilla gratis synfaring med ein energirådgivar. NB: begrensa tilbud, første mann til mølla.
Bestill gratis synfaring med ein energirådgivar
Fakta om kampanjen
- Gratis klima- og energirådgiving til alle bustadeigarar i Agders 25 kommunar
- Digitale synfaringar med energirådgivar i perioden 18. januar - 1. mars
- Energianalyse av eigen bustad på nett på energiportalen.no fram til 31. desember 2023
- Tenestene i kampanjen blir leverte av Simenergi AS og EEFFY AS.
- Kampanjen er finansiert av Agder fylkeskommune og blir levert i samarbeid med kommunane i fylket.
- I kampanjeperioden vil kanalane til kommunane på nett og sosiale medium nyttast. Der kjem det nyttige tips og råd og artiklar rundt temaet.