Hægebostad og Eiken bibliotek blir nynorsk pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum lanserte i vår satsinga nynorske pilotbibliotek. Folke- og skolebibliotek i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet kunne søke om å bli med.  I alt 24 søknader kom inn. Blant dei fem utvalde var Hægebostad og Eiken bibliotek. Dei andre var Lom folkebibliotek (Innlandet), Sandnes bibliotek (Rogaland), skolebiblioteket ved Skeisvang videregående skole (Rogaland) og Hemsedal bibliotek (Viken). Formålet med satsinga er å styrkje kunnskapen om nynorskformidling. Dei fem pilotbiblioteka får kvart år tilbod om tre arrangement, to utstillingar, føredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar.

Bibliotekar leser høyt for barn i et bibliotek - Klikk for stort bildeBibliotekleder Anne Turid Nøkland

Vi har stilt nokre spørsmål til bibliotekleiar Anne Turid Nøkland:

 

Kva er eit nynorsk pilotbibliotek?
Som ein del av vegen mot å nå visjonen til Nynorsk kultursentrum om språk, kultur og kunnskap til heile landet etablerer dei nå ei toårig satsing med nynorske pilotbibliotek. Dei ønskjer å nå kommunar med nynorskelevar i dei fylka der dei ikkje har faste arenaer. Derfor søkjer dei i denne omgangen etter kandidatar frå Agder, Rogaland, Viken og Innlandet. Eit av måla med pilotbibliotek er å gjere nynorsk meir synleg for barn og vaksne i nedslagsfelta til dei utvalde biblioteka.


Kvifor søkte de om å bli eit av disse biblioteka?
Vi er ein nynorsk kommune der elevane har nynorsk på skolen. Begge skolane blei spurde om kva dei meinte, dei var positive. Det er fint å få litt drahjelp til å gjere nynorsk litteratur synleg for både barn og vaksne, og vi som jobbar i biblioteka kan blir meir bevisste på å formidle desse bøkene.


Kva slags betydning har det for biblioteket og innbyggarane i kommunen?
Meir synleggjering og merksemd av den nynorske litteraturen og kulturen, samt at vi håpar at innbyggarane blir meir bevisst på den nynorske målformen. Vi får også tilbud om nokre utstillingar og arrangement knytta til dette prosjektet, som vi håpar at innbyggarane er interesserte i å få med seg.


Kva trur du er grunnen til at Hægebostad og Eiken blei vald ut?
Vanskeleg å vite. Vi er to kombinasjonsbibliotek i kommunen, vi er motiverte. I tillegg ville dei ha med både bygd og by. Vi er ein liten kommune med i underkant av 1700 innbyggarar.


Korleis ser du for deg dei neste to åra?
Hektisk, men håpar det blir både lærerikt og nyttig for oss som jobbar i skole-/folkebibliotek og ikkje minst for brukarane.

 

Hægebostad og Eiken bibliotek Anne Turid Nøkland

 

 

Agder fylkesbiblioteket gratulerer og ønskjer lykke til som nynorsk pilotbibliotek!