Prosjekt: Setesdalsfolk

Folkemusikk og folkedans i Setesdal - ein UNESCO-lista kulturarv

Offisiell nominasjonsvideo - UNESCO

NB! Engelsk tale.

Bakgrunn for prosjektet

I desember 2019 vart folkemusikk og dans i Setesdal (Bygland, Valle og Bykle kommune) innlemma i UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap overført mellom folk. Det innskrevne elementet består av utøving på hardingfele, munnharpe, gangardans, stev og stevjing.

Agder fylkeskommune inviterte inn ei arbeidsgruppe beståande av representantar fra Setesdal Spelemannslag, fylkeskommunen, dei aktuelle kommunane, Setesdal IPR, Setesdalsmuseet og Setesdal folkehøgskule for å drøfte korleis statusen best burde følgast opp. Det vart konkludert med at det i første omgang var behov for eit forprosjekt for å avklare nærmare forpliktelsar, forventningar, oppgåver, mogelegheiter og behov knytta til UNESCO statusen.

Hovedutvalg for kultur, folkehelse og frivilligheit gjorde i sak PS 6/20 vedtak om oppstart av eit forprosjektet. Annbjørg Lien vart forespurt og dokumentet levert Agder fylkeskommune mai 2020

Den 3-årige prosjektstillinga Setesdalsfolk starta opp 1. januar 2021.  
 

Formål og overordna mål

Formål og overordna mål for Setesdalsfolk er å verne om UNESCO elementet i Setesdal, då denne tradisjonen er utrydningstrua. Rekrutteringsarbeid er derfor sentralt, samt forankre delar av ansvaret om vern i det offentlege då frivillegheit gjennom tida har bore denne arven i hovedsak aleine. Gjennom eit godt samarbeid med relevante aktørar kan ein også styrke lokal identitet, eigenkraftsmobilisering og berekraft i øvre Setesdal.

Regionplan Agder 2030

Eit av måla i Regionplan Agder 2030 er "Verdiskaping knytta til kystkultur,kulturarv i indre bygder og trehusbyane har økt". Prosjektet Setesdalsfolk er ei viktig satsing i arbeidet med å oppnå dette målet. I det inngår oppfølging av UNESCOs listeføring av deler av den immaterielle setesdalskulturen som ein naturleg del. Men det omhandler også andre satsningsområder nevnt i regionplanen, som å utvikle modellar for samskaping mellom ulike aktørar innan immateriell kulturarv og å styrke samarbeidet med frivillig sektor om kulturminnevern.

Fakta om prosjektet

  • 3 årig prosjektstilling ved Annbjørg Lien, oppstart 1. januar 2021.
  • Kontor på Setesdalsmuseet, Rysstad i Valle kommune.
  • Omhandlar vern av folkemusikktradisjonen i Bygland, Valle og Bykle kommune i Setesdal

Generelt arbeid i Setesdalsfolk

Det generelle arbeidet til Setesdalsfolk består i å styrke frivilligheit gjennom tett samarbeid med Setesdal Spelemannslag, halde ulike foredrag om UNESCO-arbeidet (kultur, næring, politisk), feleopplæring lokalt, seminar/ forskning nasjonalt (Universitetet i Agder, Musikkhøgskulen i Oslo, Ole Bull Akademiet på Voss), søknadsskriving om prosjektmidlar, munnharpesmikurs (utdøyande tradisjon i Setesdal), arrangere instruktørkurs, dansekurs for born og unge med mål om å styrke leikarringane i øvre Setesdal, deltaking i ulike nettverk som omhandlar immateriell kulturarv, samt jevnleg kommunikasjon og informasjon om arbeidet.

Setesdalsfolk på Facebook

Milepel:

  • Våren 2022 vart det kjøpt inn små hardingfeler i ¾ størrelse for utlån frå Setesdal Spelemannslag til rekrutteringsarbeidet, støtta av Valle Sparebank, Dextra, Sparebanken Sør og Agder fylkeskommune.
  • I 2023 vart klassesett med munnharper gjevne i gåve frå Setesdal Spelemannslag til alle skulane i Bygland, Valle og Bykle kommune. Harpene er smidd av dei lokale munnharpesmedane Folke Nesland, Bjarne Rysstad, Bjørgulv Straume og støtta av Gjensidigestiftelsen.
Kulturformidling i Setesdal. Foto. - Klikk for stort bildeBygging av små hardingfeler i feleverkstaden til Ole Gjerde Ole Gjerde Kulturformidling i Setesdal. Foto. - Klikk for stort bildeOverlevering av klassesett med munnharper frå Setesdal Spelemannslag Eivind Tanche Larsen Knutsen

Viktige milepælar i prosjektet

Oppretting av ei ressursgruppe

I 2021 vart det oppretta ei ressursgruppe for Setesdalsfolk beståande av representantar frå sentrale delar av lokalsamfunnet:

  • Valle kommune:  Kommunedirektør Vidar Homme
  • Valle kommune: Kulturleiar Torunn Charlotte Nyberg
  • Bykle kommune. Kulturleiar Helga Jacobsen
  • Bygland kommune: Kommunedirektør John Salve Sigridnes
  • Setesdal Spelemannslag: Leiar Astri Rysstad
  • UNESCO-søknad/ utøvarrepresentant: Gunnar Stubseid
  • Aust-Agder museum og arkiv: Direktør Ellen Aslaksen
  • Setesdal IPR: Dagleg leiar Rita Hansen
  • Agder folkemusikkarkiv: Harald Knutsen
  • Setesdalsfolk: Annbjørg Lien
  • Agder fylkeskommune: Anne Tone Hageland (leiar)

Ressursgruppa har møter fire gonger i året.

Gorrlaus – eit opplæringsprosjekt i barnehagar og skular

Gorrlaus er eit opplæringsprosjekt i folkemusikk og -dans for barnehagane og skulane i Bygland, Valle og Bykle kommune, med mål om å lære elevane om eigen kultur, gjere dei stolte av eigen identitet og kulturarv; at den oppveksande generasjonen kan danse setesdalsgangar, dikte i stevform, kan stevtonar, og har kjennskap til hardingfele- og munnharpetradisjonen i Setesdal.

Det langsiktige målet er at Gorrlaus vert forankra i kommunane, og vert ein integrert del av undervisinga i barnehagane og grunnskulane (1-10 klasse), med eigen tverrfagleg lokal fagplan.

Gorrlaus har tidlegare vore basert på prosjektmidlar, eigd av Setesdal Spelemannslag med 20% driftressurs hjå Valle kommune ved leiar for kultur og fritid. Gjennom ein organiseringsprosess består no styringsgruppa for Gorrlaus av barnehagerepresentantar, rektorar, leiar for Setesdal Spelemannslag, Setesdalsfolk og leiar for kultur og fritid i Valle kommune (prosjektleiar).

Milepelar:

  • Hausten 2022 vart Gorrlaus forankra i dei tre kommunane.
  • Hausten 2022 vart opplæringsprosjekt utvida gjennom Den kulturelle skulesekken, gjennom Setesdalsfolk ved Vegar Vårdal, produsert av Anne Tone Hageland.

Sentralt arbeid vidare i Gorrlaus er å rekruttere fleire instruktørar, opplæring av lærarar, lage eigen lokal tverrfagleg fagplan med mål om at skulane sjølve tek over Gorrlaus frå skuleåret 24/ 25.

Dommelidei – stevbok og konsertproduksjon

Dommelidei er Gorrlaus sitt tilbod for barnehagane og småskulen i øvre Setesdal. Det vart laga ei stevbok av Kirsten Bråten Berg (red.) i samarbeid med barneskulane Hylestad, Bykle og Bygland. Harald Knutsen i Agder folkemusikkarkiv gjorde opptak på skulane i opplæringsperioden og hjalp til med gamle opptak fra arkivet.

Berg seier dette om bakgrunnen for boka:

Fordi eg såg og høyrde at ungane ikkje lærte noko om lokale tradisjonar på songfronten. Mange lærarar er innflyttarar og kjenner ikkje tradisjonen. Andre har for stor respekt og redde for å gjere feil. Det blir viktig å gi lærarane opplæring. Her har me som kjelder ein stor jobb å gjere.

Milepelar:

  • Klassesett med stevboka Dommelidei er gjeven i gåve frå Agder fylkeskommune til alle barnehagar og skular i dei tre kommunane.
  • Lydopptaka frå Dommelidei er gjort tilgjengeleg på strøymetjenester via Grappa Musikkforlag, til bruk for bl.a. instruktørar og lærarar.

Konsertproduksjonen Dommelidei med utøvarene Kirsten Bråten Berg og Annbjørg Lien, har i regi av Agder fylkeskommune i fleire år besøkt alle barnehagane i tidlegare Vest Agder fylke. Dommelidei turnerer no jevnleg i barnehagane i øvre Setesdal, samt at barnehagetilsette og lærarar får opplæring i Dommelidei for å kunne oppretthalde aktivitet mellom konsertbesøka.

Kulturskulen

Grunna generelt lavt tilbod på folkemusikk i kulturskulane i øvre Setesdal, vart det hausten 2021 tilbode ein folkemusikkpedagog for eitt år i regi av Agder fylkeskommune. Setesdalsfolk og leiarane for kultur i Bygland, Valle og Bykle kommune har samarbeid om vidare mål om å få tilsett ein interkommunal kulturskulepedagog i folkemusikk.

Milepel:

• Hausten 2022 vart det utlyst ei 100% interkommunal kulturskulestilling øyremerka folkemusikk og dans, med forankring i dei tre kommunane.

Ein million kroner på statsbudsjettet

Milepel:

  • Etter to søknader om statlege midlar, signert fylkesordfører Arne Thomassen og Setesdalsfolk, fekk UNESCO-arbeidet i Setesdal hausten 2022 ein million kroner på statsbudsjettet for eitt år til vidare arbeid med rekruttering. Dette gjennom eit godt tverrpolitisk samarbeid lokalt og regionalt.

Etablering av nettverk for norske UNESCO - innskrevne kulturuttrykk

Det er stor ulikheit mellom verdensarv (det materielle) og kulturarv (det immaterielle) når det gjeld økonomisk tilskot og strategi frå statspartane/ UNESCO. Det er ikkje tillate å bruke UNESCO-logo for immateriell kulturarv. Pr. februar 2023 er det fire norske innskrevne kulturuttrykk på UNESCOs immaterielle lister:

  • 2016 - Oselvarverkstaden (UNESCOs register over gode vernepraksiser)
  • 2019 - Spel, dans og song (stev og stevjing) i Setesdal (representativ liste)
  • 2020 - Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (UNESCOs register over gode vernepraksiser)
  • 2021 - Nordiske klinkbåttradisjoner (representativ liste)

Milepel:

  • Januar 2023 stifta dei fire norske kulturuttrykka på UNESCOs kulturarvlister eit eige nettverk, for betre å kunne samarbeide om felles problemstillingar.
Kulturformidling i Setesdal. Foto. - Klikk for stort bildeDei fire norske immaterielle elementa som er UNESCO-lista Forbundet Kysten

Kronprinsparet i Bykle gamle kyrkje

I mars 2023 valte kronprinsparet å besøke Setesdal, som ein av fem reiser i Noreg i samband med sine 50 årsmarkeringar i 2023. Setesdalsfolk vart forespurd av Slottet om å tilskipe ein konsert i Bykle gamle kyrkje 29. mars, som synte UNESCO-elementet (hardingfele, munnharpe, song og dans).

Kronprinsen og Kronprinsessa kjem til Bykle - Klikk for stort bildeKronprinsen og Kronprinsessa kjem til Bykle Olav Åsen Haugsgjerd/ Setesdølen. Gjengitt med tillatelse. Konsertpublikum i gammle bygning - Klikk for stort bildeKonsert i gamle Bykle kyrkje Olav Åsen Haugsgjerd/ Setesdølen. Gjengitt med tillatelse.

Honorarfond i folkemusikk

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Setesdal. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Tidlegare var det Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierte fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerte det.

Milepel:

  • Våren 2023 vart også Åseral og Evje og Hornnes kommune med i Honorarfondet. Det er gledeleg at heile regionen i Setesdal no støttar opp om denne ordninga.

Kulturdebatt i Drammen, 20 juni 2023

Er den immaterielle kulturarven usynleg? Dette spørsmålet vart debattert under ´Kulturytring´ i Drammen 20. juni 2023, med både fagfolk og politikarar tilstades i panelet, og med folkemusikk og folkedans frå Setesdal. Arrangementet var eit samarbeid mellom Kulturvernforbundet, FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. 

Innleiarane representerte Norges Husflidslag, Forbundet Kysten, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Setesdalsfolk. Politikarane som deltok i panelet var Stortingsrepresentant Tage Pettersen (H), Emma Lind (V), Kathy Lie (SV) og Åslaug Sem-Jacobsen (SP). Målsetjing er at immateriell kulturarv får fast post på statsbudsjettet.

Konferanserom med deltakere - Klikk for stort bildeKulturkonferanse i Drammen Kulturvernforbundet. Gjengitt med tillatelse