Moglegheitsstudie Oppas hus og Svensstova i Kyrkjebygd, Åseral kommune (2021)

Åseral kommune hadde eit ynskje om å sjå på ei heilskapeleg vurdering av tomta kring Oppas Hus og Svensstova. Målet med arbeidet var eit levande sentrum der ein både legg til rette for næring, møteplassar, kontor, bueiningar, tursti og grøntareal. Moglegheitsstudien visar fleire forslag til korleis kvartalet kan utnyttast og der ein samstundes bygger på Åseral sin identitet og kulturhistorie.

Konsulent: Trollvegg Arkitektstudio i samarbeid med sivilarkitekt Simon Stulien

Prosjektet var eit samarbeidsprosjekt mellom Åseral kommune og Agder fylkeskommune der fylkeskommunen bidro med kr. 100.000.

Mulighetsstudie for del av Kyrkjebygd sentrum - Rekketun Austrud (PDF, 21 MB)

Til toppen