Støtte til attraktive tettstader i bygdene-kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

Dette er ei ny regional støtteordning som er forankra i handlingsprogrammet 2020-2023 (PDF, 2 MB) til Heiplanen.

I Agder fylke kan følgande kommunar søke: Sirdal, Kvinesdal, Hægebostad, Åseral, Bygland, Valle, Bykle og Åmli.

Målet er å vidareutvikle og oppretthalde levande bygder kring villreinfjellet. Støtteordninga har som hovudføremål å styrke attraksjonskrafta til bygde- og grendesentra med å legge til rette for opplevingar og aktivitetar som spelar på lag med natur- og kulturkvalitetane til villreinfjellet.

Kommunane kan søke om økonomisk støtte til fysisk tilretteleggingstiltak som er i tråd med føremålet. Sjå under kriterier for støtteordninga:

Retningsliner for regional støtteordning (PDF, 164 kB)

Det kan gjevast inntil 50% økonomisk støtte av godkjent budsjett. Maksimal støtte er 250.000 kr.

Søknaden skal sendast over følgande søkeportal www.regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist er 15. januar 2021.

 

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte

Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune

Bjørg Hellem, Agder fylkeskommune

Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune

Snorre Waage, Vestland fylkeskommune

15. januar 2021
Til toppen