Høgare yrkesfagleg utdanning

Alle som gir fagskoletilbud i Agder kan søke om driftstilskott til NOKUT-akkrediterte høgare yrkesfaglege utdanningar.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, DIKU, har ansvar for tildeling til fylkeskommunane. Les meir om Driftsmidler til høgare yrkesfagleg utdanning. Middel fylkeskommunen får fra DIKU fordelast vidare til private og fylkeskommunale fagskolar i eiget fylke.

Fylkeskommunen må syrgje for at tilskotet fordelast til eit mangfald av private og offentlige tilbydarar. Fylkeskommunen har også ansvar for at tilbodet om høgare yrkesfagleg utdanning er i samsvar med lokalt, regionalt og nasjonalt kompetansebehov, jf. fagskoleloven § 3.

Driftstilskotet til fagskolar skal stimulere til god kvalitet og gjennomføring i høgare yrkesfagleg utdanning. Kunnskapsdepartementet har fastsatt fire mål for tilskotsordninga, jf. Prop. 1S (2018-19).

  • Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
    Utdanningane skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for fagskolestudentane.
  • Yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning
    Fagskolane skal utdanne kandidatar som kan gå rett inn i yrkeslivet, med den praktiske og teoretiske kunnskapen det er behov for i det enkelte yrket. Det er derfor viktig å vurdere kor relevante utdanningane er for arbeidslivet.
  • God tilgang til høgare yrkesfaglig utdanning.
    Fagskolane skal bli ein større og viktigare del av det norske utdanningssystemet, og ein større andel av studentane skal ta høgare yrkesfagleg utdanning.
  • Effektiv og solid fagskolesektor
    Fagmiljøa skal ha god faglig styrke, kvalitet og soliditet. Robuste miljø handler også om administrativ kapasitet og kompetanse.
Til toppen