Retningslinjene er eit politisk vedteke dokument.
1. Bakgrunn
Agder fylkeskommune forvaltar ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å nå måla i Regionplan Agder 2030. Tilskota er viktige verkemiddel for å utvikle Agder til en miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region – et attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår for alle.
Gjennom ordningane støtter fylkeskommunen tiltak som fremjar verdiskaping, inkludering, berekraft, kultur og kompetanseutvikling. Ordningane skal stimulere til samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor, og bidra til at midlane brukas målretta, effektivt og til samfunnets beste.
2. Formål
Formålet med denne tilskotsordninga er å gi stønad til istandsetting og ivaretaking av verneverdige bygningar. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til sikring og ivaretaking av regionalt viktige kulturminne og -miljø. Ordninga skal vere eit lågterskel tilbod til private eigarar, og skal bidra til berekraftig ombruk og verdiskaping knytt til eldre bygningar.
Gjennom å sikre viktige kulturminne skal ein bidra til å redusere rivingshastigheita og auke bevisstgjeringa rundt Agder sin kulturhistorie. Kunnskap og formidling om tradisjonelt bygningshandtverk vil stå sentralt i dette arbeidet. Ordninga skal legge til rette for kompetanseutvikling blant unge handtverkarar, samt auke forståinga for berekraft og gjenbruk.
Agder har mange verdifulle kulturmiljø av både regional og nasjonal interesse. Gjennom istandsetting av bygningar skal ein legge til rette for attraktive by- og landskapsmiljø.
Stortingsmelding 16 (2019-2020) seier at kulturmiljø i større grad skal takast i bruk som ein ressurs for å oppnå ei berekraftig samfunnsutvikling. Kultur og natur er uløyseleg knytt saman. Menneske har levd av naturen til alle tider, og tradisjonell bruk av naturressursar er gjerne miljømessig berekraftige og sirkulær økonomi i praksis. Bygningsarva er difor ei viktig kjelde til kunnskap om berekraftig praksis, og eit viktig bidrag til måloppnåing på fleire av FNs berekraftsmål, då særskild mål 11, 12 og 13.
2.1 Kven kan søke om tilskot
Desse kan søke om tilskot:
- Foreiningar, stiftelsar, private, verksemder og andre organisasjonar av privat karakter.
Søknadar frå andre blir ikkje behandla.
2.2 Kva tiltak kan få stønad
Det kan søkjast om tilskot til antikvarisk og berekraftig istandsetting av verneverdige bygningar. Eksempel på dette kan vere:
- Reparasjon av laftestokkar eller bindingsverk .
- Restaurering av vindauge.
- Reparasjon av kledning.
- Reparasjon av tak.
- Sikring av bygning, eksempelvis med jekketårn eller bølgjeblikksplater.
- Istandsetting av fundament.
Det tildelast normalt ikkje tilskot over 90 000 kroner.
2.3 Kva tiltak kan ikkje få stønad
Det kan ikkje søkjast om tilskot til:
- Tiltak som medfører ei generell oppgradering av bygningen eller som ikkje tek omsyn til materialbruk, arbeidsmetodikk, overflater eller arkitektur som samsvarer med bygningen.
Eksempel på dette kan vere:
- Etterisolering.
- Oppgradering av kjøkken, bad.
- Ventilasjon og tekniske anlegg. Deriblant EL og brann.
- Utskifting av vindauge og dører.
- Erstatte teglstein med sementstein eller stålplater som etterliknar teglstein.
- Montere heildekkande pipehatt eller montering av fôringsrøyr i eldre piper.
- Fjerne/rive/flytte bygningar bort frå eit kulturmiljø.
3 Søknadsprosess
3.1 Kunngjering
Tilskotsordninga blir kunngjorde på Agder fylkeskommunes nettsider.
3.2 Krav til søknaden
Søknad skal leverast digitalt og innehalde:
- Beskrivelse av mål, aktivitetar og framdrift.
- Opplysningar om organisering og samarbeidspartnarar.
- Budsjett med finansieringsplan som visar alle tilskotspartar og finansieringskjelder.
Søknadsfristen er endeleg. Søknader som ikkje oppfyller krava, kan bli avviste.
3.3 Krav til eigenandel og anna finansiering
Økonomisk stønad er ikkje meint til å dekke dei totale kostnadane for prosjektet. Ei grad av eigeninnsats og eigenkapital er ein føresetnad.
4 Handsaming av søknadar
Søknadshandsaminga skal følgje krav til god forvaltningsskikk og gjeldande lovverk. Søknaden skal vurderast i forhold til innhald, annan relevant informasjon og ordninga sine retningslinjer.
Fylkeskommunen kan flytte ein søknad til ei anna tilskotsordning dersom det er meir hensiktsmessig.
Vedtak og innstillingar blir lagt fram for relevant politisk utval, og alle søkjarar får skriftleg svar på si søknad.
4.1 Tildelingskriteria og prioriteringar
Alle godkjende søknader blir vurderte i forhold til om dei svarar på føremålet med tilskotsordninga, har ein tydeleg og informativ søknad, og om prosjektet har god gjennomføringsevne.
Prioriteringar og faglege kriterium:
- Tiltak som hindrar forfall og alvorleg skadeutvikling.
- Prosjekt som tar vare på særskild trua bygningstypar (utmarksbygningar, uthus, husmannsplassar, minoritetsbygningar m.fl.).
- Bygningar som er særskild nemnd i kommunale kulturminneplanar.
- Bygningar i kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.
- Bygningar av regional og nasjonal kulturhistorisk verdi.
- Prosjekt som har preg av opplæring og kompetanseheving blant handtverkarar
Bygningar som har eit skadebilete som krev at tiltak bør utførast kjapt for å hindre omfattande skader, kan søkje utanom ordinær søknadsfrist. Ved slike søknadar vil følgjande vektleggjast:
- Bygningen sin kulturhistorisk verdi.
- Tidsperspektiv på skadeutvikling.
- Bygningar innanfor prioriterte kategoriar i punkt 4.1.
- Årstid for gjennomføring.
- Skadeomfang
Enkelte år kan ordninga knytast til spesifikke føremål eller satsingar. Dette vil kome fram på nettsidene for ordninga.
4.2 Om klageadgang og innsyn
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre – 3 – veker. Klagen skal sendast til Agder fylkeskommune. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det blir klaga på, årsaka til klaga, og kva endringar ein meiner bør gjerast.
Vi gjer merksam på at søkarar har etter forvaltningslova rett til å gjere seg kjent med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §18 og 19.
5 Krav til tilskotsmottakar
5.1 Vilkår
Vilkår for det enkelte tilskot står i tildelingsbrevet.
5.2 Rapportering
Når tiltaket er gjennomført, skal det sendast ein rapport som skildrar aktivitetar, måloppnåing og korleis tilskotet er brukt. Rapporten skal dokumentere at tiltaket er utført i tråd med søknaden og tildelingsbrevet.
Frist for rapportering går fram av tildelingsbrevet. Ved manglande rapportering fell tilskotet bort.
Det kan givast inntil ett års forlengd frist. Forlengd frist vert vurdert i kvart enkelt tilfelle, etter skriftleg søknad.
5.3 Regnskap
Samen med rapport skal det leverast rekneskap, slik det går frem av tilskotsbrevet.
For tilskot som overstig 300 000 kroner kan det krevjast revisorattestert rekneskap. Detaljar om krav til rekneskap vil stå i tildelingsbrevet. Fylkeskommunen kan krevje innsyn i underliggjande rekneskapsdokumentasjon.
Verksemder som er revisjonspliktige kan i staden levere stadfesting frå økonomiansvarleg.
6 Utbetaling
Tilskotet blir normalt utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og rapporten er godkjent. Etter søknad kan heile eller delar av tilskotet utbetalast på forskot.
Dersom rapporteringa syner at tiltaket ikkje er gjennomført som avtalt, kan fylkeskommunen redusere eller halde tilbake delar av tilskotet.
7 Oppfølging og kontroll
Dersom mottakar gir uriktige opplysningar, eller det føreligg vesentlege avvik frå søknaden, kan tildelinga omgjørast heilt eller delvis. Fylkeskommunen kan i slike tilfelle krevje at midlane blir heilt eller delvis tilbakeførte.