Lihkku beivviin! Samiske kulturminnar i Agder

Lihkku beivviin! 6. februar er samanes nasjonaldag. I Agder finner vi spor etter deiras historie. 

Fire personer står foran en gammel nedslitt trehytte. De er alle kledd i gamledagse klær. Fotografi - Klikk for stort bildeI denne bua i Sandvasskvæven på Rysstadheia budde sørsamane Lars og Sigrid Johnsen om sommaren i perioden 1907 til 1915. Nummer to frå venstre er Brita Bergli, mor til Sigrid. Hentet fra Vilrein.no

Tamreindrifta i Setesdal strekte seg over ein periode på nesten 100 år, frå dei første samane kom sørover med eigen rein i 1886, til Byklehei reinsamlag vart lagt ned i 1979. På 1800-talet vart det gjort fleire forsøk på å starte opp, men det fekk ingen varige resultat før mot slutten av hundreåret. Samar frå Helgeland og Sverige kom med tamreinflokkar for å slå seg ned i Setesdal og Sirdalsheiane. Dette kunne dreie seg om flokkar på fleire tusen dyr. Ein kan sjå føre seg synet dei lokale møtte då flokken til Margrethe Nilsdotter og John Thomassen på 4000 dyr kom over heia i 1892.

Det oppstod tidleg eit samarbeid mellom samar og bygdefolk, sjølvsagt med dei førstnemnde som læremeistrar, og reindrift vart etter kvart også ei næring for lokale bønder. (Det hadde riktignok vore gjort spede forsøk på reindrift i Bykle tidlegare på 1800-talet, men initiativet stranda på grunn av manglande kompetanse.) Allereie i 1895 vart det første lokale reinsamlaget etablert, men det var først med Breive reinsdyrsamlag (1903–1928) og seinare Byklehei reinsamlag (1930–79) at verksemda skaut fart. På det meste stod reindrifta for 20 % av inntektene i Bykle herad. I eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen i 1898 skriv Bjørguv Rysstad: «Bykle sokn kom seg på fote att, daa lappane kom. Mesteparten av gardmennane ha så vidt at det rauta i fjoset.»

Flere reinsdyr i en fjellhei. Står tett i tett. Fotografi - Klikk for stort bildeReinflokken til Byklehei reinsamlag ved Halsenuten, nord i Setesdal Vesthei. Vilrein.no

Frå 1904 byrja forretningsmannen Thorvald Heiberg frå Oslo å kjøpe opp store delar av heia for å etablere ein villreinpark med jakthytter for rike jaktturistar frå Europa, og snart rådde han over éin million dekar.

I lengda vart det vanskeleg for dei samiske familiane å få endane til å møtast; dei hadde ikkje eiga jord – eller i alle fall ikkje nok jord – og Heiberg trekte dessutan inn beiterettane med kort varsel på dei eigedomane han hadde overteke. Innan 1914 var alle dei samiske reineigarane borte, og dyra deira hadde skifta eigar til dei lokale reinsam­lag­ene eller blitt innlemma i Heibergs villreinflokk.

Etter 1914 var det ingen samar som åtte eigen rein i Setesdal. I staden fekk dei ei anna rolle – dei vart leigde inn som gjetarar for tamreinselskapa. Sjølv om fleire lokale òg fekk denne rolla, var det nok ingen tvil om kven som hadde best kompetanse og kunnskap.

Flere mennesker på ski står foran en større reinsdyrflokk. I bakgrunnen er det flere hus. Bildet er tatt på vinteren så det er mye snø. Svart hvit fotografi - Klikk for stort bildeReinsdrift på Bjåen, 17. april 1930. hentet fra Vilrein.no

I 1978 vart det innført ei ny nasjonal struktur for kvar tamreindrift var lovleg. Sirdals- og Setesdalsheiane vart ikkje definerte som lovlege reinbeiteområde i den nye reindriftslova. Etter avviklinga av Byklehei reinsamlag i 1979 vart Setesdal Austhei og Vesthei rekna som villreinområde. Nær 100 år med samisk og lokal tamreindrift var dermed over.

Reinsdrifta har sett fleire spor i heiane rundt omkring, ikkje minst fleire stadnamn. Dessverre er mange av dei fysiske spora borte, både innhegningar og slakteplassar. Lappehytta på Bjåen, der dei siste reinsdyrgjetarane budde, står i dag som eit av dei få attverande fysiske kulturminna – eit stille vitne om ei næring og ei historie som no er borte. 

Et fjellandskap med kuperte topper og steinur. Fotografi - Klikk for stort bildeVed Kyrkenauslega i Valle budde den sørsamiske familien Renander frå 1907 til 1913. Det finst framleis spor etter laftebuene deira. Reidar T, Setesdalswiki.