Deltakarar på toppleiarforum 2026.
South Coast Creative.
Forumet vert omtala av arrangøren som årets viktigaste møteplass i Klimapartnere-samarbeidet. Årets tema, grøn intelligens, sette søkelyset på korleis berekraft, teknologi og leiarskap må spele saman for å lukkast i ei tid der kunstig intelligens endrar spelereglane.
Agders endringsagentar
Toppleiarforum er ein årleg arena der endringsagentar møtast for å dele innsikt, diskutere utfordringar og styrke samarbeidet om grøn omstilling i regionen.
– I år var engasjementet merkbart frå første stund, med gode diskusjonar allereie under registreringa, seier Berit Høisen, nasjonal prosjektleiar i Klimapartnere.
Fylkeskommunedirektør Tine Sundtoft opna forumet med bodskapen: Gode toppleiarar grip fatt i det som er viktig, trass global politisk uro.
Sundtoft meiner det finst fleire lyspunkt etter ti år med Paris-avtalen.
– Vi har gjort framsteg. Det må vi ikkje gløyme, poengterte ho.
Fylkeskommunedirektør Tine Sundtoft opna forumet og peika på fleire lyspunkt.
South Coast Creative.
Status for 2025
Deretter følgde nasjonal prosjektleiar Berit Høisen, som gav ein status og oppsummering for Klimapartnere Agder sitt 2025, og viste resultat av samarbeid på tvers av klimapartnarar. Vidare gav ho ei statusoppdatering frå det nasjonale prosjektet «Utslipp i verdikjeden», og delte om planane for året som kjem.
Nasjonal koordinator Truls-Einar Strand Johnsen gav ei oppdatering om det nasjonale arbeidet i Klimapartnere, og planane for 2026.
KI som drivkraft for berekraft
Forumets hovudinnlegg blei halde av Elisabeth Austad Asser, direktør i Sparebanken Norge og forfattar av «Teknologiens makt – hvordan kunstig intelligens forfører, frister og utøver makt – og hva vi kan gjøre med det.»
Ho utfordra deltakarane til å tenke kritisk rundt KI, samstundes som ho peika på korleis teknologien kan bli ein kraftfull motor for grøn omstilling dersom han vert brukt ansvarleg.
Bodskapen hennar var klar: KI er ikkje berre eit teknologisk verktøy, men eit leiaransvar.
Hovudinnlegg ved Elisabeth Austad Asser, direktør i Sparebanken Norge.
South Coast Creative.
Rundbordssamtalar
Etter innlegget gjekk deltakarane inn i rundbordssamtalar, leia av Karl Magnus Skretting frå Merkverdig. Her diskuterte klimapartnerane kva konkrete utfordringar Agder og deira eigne verksemder må løyse for å lukkast med grøn omstilling. Temaa spente frå målkonfliktar, slik som utbygging mot natur og klima – til lønnsam omstilling og ei felles retning for Agder.
Konferansier for dagen var Øyvind Berdal frå Agder fylkeskommune.
South Coast Creative.
Diskusjonane danna grunnlaget for forumet sin siste del: Ein felles toppleiardialog leia av konferansieren for samlinga, Øyvind Berdal frå Agder fylkeskommune. Her blei innsiktene frå gruppene løfta opp og kopla til dei strategiske måla for regionen.
Sjå video frå forumet under.