Det er 5 kjente tufter på gården og den største er 45 meter lang.
Hans Christian Lund, Agder fylkeskommune.
På Sosteli, berre eit par kilometer frå sentrum Kyrkjebygd i Åseral kommune, kan du oppleve ein av dei best bevarte jarnaldergardane i Europa. I det flotte landskapet kan ein sjå spor etter gardsdrift som strekte seg frå det første hundreåret etter Kristus og fram til kring år 1000 – med andre ord ei 1000 år lang gardshistorie. Her finn ein tufter etter busetjingar, gravrøyser, rydningsrøyser, åkrar, kolmiler, steingjerde og vegar. Sosteli er eigd av Agder fylkeskommune og er ei av våre historiske eigedomar.
Dei tydelegaste spora etter jarnalderen er dei fem tuftene, fire av dei er tolka til å vere frå hus. Den største er 45 meter lang. Truleg har det ikkje stått meir enn tre hus her samstundes, då ei av hustuftene truleg stammar frå eit lafta hus frå den siste fasen av garden – vikingtida. Resten av tuftene er derimot tolka til å vere frå folkevandringstida – Agders gullalder.
Det er flere solide og tydelige strukturer på Sosteli.
Hans Christian Lund, Agder fylkeskommune.
Sosteli vart undersøkt arkeologisk av arkeolog Anders Hagen i åra 1946–1949. Han grov då ut tuftene og fann spor etter store, kraftige stolpehol som tyder på solide langhus. I tillegg undersøkte han ei av tuftene der det truleg ikkje har stått hus. Denne har truleg vore ein open plattform som han tolka som ein kultplass. Hagen gjorde også undersøkingar av myrene rundt Sosteli, der han tok ut pollenprøver.
I dag ligg Sosteli lett tilgjengeleg med bilveg heilt opp og ein liten parkeringsplass rett ved. Vil du få med deg noko spennande her, anbefaler vi å ta turen 27. juli. Då arrangerer Åseral kommune, Minne kultursenter og Agder fylkeskommune Naturlos til Sosteli. Det vert omvising på garden, forteljingar om staden, og ikkje minst avduking av nytt skilt om garden.
Er du interessert i dette, møt opp ved Minne kultursenter i Kyrkjebygda kl. 12.15. Deretter går ein i samla flokk opp til Sosteli, der det vert avduking av skiltet kl. 13.00 før det vert ein rundtur på garden med lokal guide, Betsy Folkvord, og representantar frå Agder fylkeskommune. Turen frå Minne kultursenter er på om lag 4 km.
Sauer på beite på Sosteli. Viktig skjøtslingstiltak.
Agder fylkeskommune
På Sosteli går det sauer på beite – dei hjelper med å halde vegetasjonen nede og kulturminna synlege. Dei gjer ein viktig jobb for kulturminnevernet.
Anders Hagen i forgrunnen i en sjakt under de arkeologiske undersøkelsene i 1947-1949.
Nationalmuseet
For over ti år sidan vart det gjort nye pollenanalyser av materialet frå Hagens utgraving. Analysane førte til ny kunnskap om jarnaldergarden. Først og fremst viste det seg at garden er eldre enn tidlegare antatt, og at det har budd folk der heilt inn i vikingtida. Pollen frå myra viser at det føregjekk dyrking av hamp i Sosteli. Hamp vart gjerne brukt til tau, og det var vanleg å legge plantestenglane i bløyt i myrer. Mest truleg har myra i Sosteli vore brukt til bløyting av plantene i vikingtida, og difor er mengda av pollen frå hamp så stor.
Kyrkjebygda ligger der tre daler møtes. På toppen som reiser seg opp bak bygda, ligger Åserals dagsturhytte.
Ghattas Sayej, Agder fylkeskommune
Kyrkjebygda, rett nedanfor Sosteli, ligg der dalen deler seg. Her er det funne mange spor etter gardsbusetnad. På Heia, rett nord for Kyrkjebygda, på Bronåsknuten, ligg Åseral si dagsturhytte. Herifrå har ein god utsikt over dalføra som leier inn mot Kyrkjebygda.
Er vêret varmt, kan det kanskje freiste med ein dukkert!? 4–5 km etter Sveindalskrysset mot Kyrkjebygd ligg Heddefossen eller Bjønnespranget. Her finst nokre fine kulpar der ein kan kjøle seg ned.
Bjønnespranget har fått namn etter eit gammalt segn som fortel om ein mann som vart jaga av ein bjørn. Mannen hoppa over ei djup kløft i elva, bjørnen torde ikkje hoppe etter, og mannen berga livet.
Les mer her.