Vandreutstillinga ARV tek for seg levande kulturarv, med utgangspunkt i UNESCO si liste over immateriell kulturarv, med særleg vekt på Agder. Utstillinga er eit samarbeid mellom Agder fylkeskommune (avdeling for Kultur og idrett og avdeling for Kulturarv) og Noregs Husflidslag, med bidrag frå Agder folkemusikkarkiv.
ARV presenterer følgjande tema:
• Nordisk klinkbåttradisjon
• Setesdalskulturen
• Seterdrift
• Bunadbruk
Utstillinga vil vere tilgjengeleg for publikum på Hovdegrend frå 24. til 27. juni. Deretter startar ho ein turné til dei 25 kommunale biblioteka i Agder, samt tre bydelsbibliotek i Kristiansand og to i Lindesnes. Ho vil vere utstilt om lag éin månad på kvar stad.
Dette er den tredje i rekkja av vandreutstillingar til biblioteka. STING var på turné i Agder-biblioteka frå 2023 til 2025, og VEV er for tida ute med oppstart ved Arendal bibliotek i mars 2025.
Se program for Landskappleiken 2026.