Fylkesordførar opna dagsturhytta Fjordsyn i Kvinesdal

Rundt 200 personar tok turen saman med fylkesordførar Arne Thomassen då han opna dagsturhytta Fjordsyn søndag 14.mai.

Bilete av fylkesordførar Arne Thomassen  opnar dagsturhytta saman med ordførar i Kvinesdal kommune, Per Sverre Kvinlaug.  Barn og vaksne kikkar på. - Klikk for stort bildeFylkesordførar Arne Thomassen opnar dagsturhytta saman med ordførar i Kvinesdal kommune, Per Sverre Kvinlaug. Kvinesdal kommune.

I strålande vêr fekk dei besøkjande oppleva eit spektakulært turmål med utsikt over Fedafjorden.

"Fjordsyn" vart den 11. dagsturhytta som har opna gjennom prosjektet Dagsturhytta Agder. Hytta ligg flott til på Dyreknuten ved Feda i Kvinesdal, og hytta kan nåast frå fleire utgangspunkt. Hovudtilkomsten skjer frå friluftslivsområde ved Sande.

Fylkesordførar var imponert over utsikta

Fylkesordførar Arne Thomassen har sidan hausten vore med å opna sju dagsturhytter. Han meiner Fjordsyn føyer seg inn i rekkja av attraktive dagsturhytter som folk bør besøkja.

No har me fått opna ganske mange dagsturhytter, og det er fint å oppleva mangfaldet og variasjonen blant desse turmåla. Ved denne hytta er kanskje utsikta ein av dei største kvalitetane. Den vart eg imponert over!

Han fortel vidare at det er gøy at så mange møter opp når hyttene opnar.

Det er flott å sjå korleis kommunane i samarbeid med lokale lag og foreiningar riggar til opningsfestar med både kulturelle innslag, mat og god stemning. Skikkeleg gøy, seier fylkesordføraren.

Bilete av dagsturhytta Fjordsyn på toppen av Dyreknuten ved Feda. Bilete viser at det er svært god utsikt frå hytta mot Fedafjorden. - Klikk for stort bildeDagsturhytta Fjordsyn på toppen av Dyreknuten ved Feda. Bilete viser at det er svært god utsikt frå hytta mot Fedafjorden. Kvinesdal kommune.

Nye hytter opnar snart. 

Ifølgje prosjektleiar Bård Andreas Lassen blir det fleire opningar utover våren og forsommaren.

I mai og juni vil det bli opningsarrangement for hyttene i Vennesla, Iveland, Bykle, Hægebostad og kanskje også Vegårshei. Det er derfor gode moglegheiter for å få med seg ein opningsfest i tida framover.