Godt gjennomført ungdommens fylkesting 2024!

Over to dagar midt i januar samla fylkeskommunen 50 engasjerte ungdommar i Abra Havn til ungdommens fylkesting.

En gruppe unge mennesker oppstilt til gruppefoto. - Klikk for stort bildeUngdommens fylkesting samla til møte i januar 2024. Ole Martin Kyllo, Kristiansand kommune.

Ungdommens fylkesting er ei årleg hending som set dagsaktuelle saker på agendaen. I år var det særleg høyringsforslag til nytt fråværsreglement som vart diskutert.  

Dette er ein viktig møtestad for å styrke ungdommen sitt samfunnsengasjement gjennom diskusjon om felles utfordringar, ulike erfaringar, og ikkje minst gjennom møte med andre ungdomar med same engasjement.  

– Noko av det viktigaste eg og mine kollegaer arbeider med, er unges stemmer og medverknad i demokratisk arbeid, seier Sissel Strickert, leiar for avdeling for samskaping og internasjonalisering.  

På den siste dagen vart det valt nytt ungdommens fylkesutval, som skal representere stemmene til ungdomar i heile Agder det neste året. Heile 34 deltakarar stilte til val på dei 15 plassane.  

– Eg kan ikkje hugse at det har vore så stor interesse for å delta i ungdommens fylkesutval sidan samanslåinga av fylka. Dette er veldig kjekt, seier Helene Vedal, koordinator for ungdommens fylkesutval. 
 

Medverknad i Agder fylkeskommune

Mange ryggsekker stablet ved en inngang. - Klikk for stort bildeMange samla seg til møte i ungdommens fylkesting. Sissel Strickert.

Alle kommunar og fylkeskommunar er i tråd med kommunelova pålagde å ha medverknadsråd for eldre, personar med funksjonsnedsetjingar og ungdom. I Agder fylkeskommune har vi fire slike råd: 

  • Ungdommens fylkesutval. 
  • Råd for personar med funksjonsnedsetjingar. 
  • Råd for likestilling, inkludering og mangfald. 
  • Fylkeseldrerådet.

 

Råda møtast mellom seks og åtte gongar kvart år. I rådsmøta handsamar desse råda alle saker som angår dei, og kjem med uttaler og vedtak som blir teke vidare i saksgangen. Råda skal involverast i saker så tidleg at dei har ein reell moglegheit til å påverke utfallet av saka.