Prøv ein elbåt på Arendalsuka

Lydløs, Interreg-prosjektet go:LEIF, Norsk elbåtforening og Elbåtnettverket inviterar til å besøke standen deira på Arendalsuka.

Bilete av elbåt ved hamn. - Klikk for stort bildePrøv elbåt under Arendalsuka 12.-16. august 2024! Foreningen Lydløs.

Her kan ein lære meir om elbåtar og ladeinfrastruktur, og ein kan bli med på ein liten prøvetur med elbåt.

Open stand kvar dag

Under Arendalsuka 12.–16. august vil standen vere open mandag til torsdag frå klokka 12.00 til klokka 16.00, og fredag frå klokka 10.00 til klokka 12.00. Det er også mogleg å få i stand ei avtale utanfor opningstidene.

På standen vil det vere både proffbåtar og fritidsbåtar. På land vil ein også vise ulike løysingar og leverandørar for ladeinfrastruktur.

«Gretha» frå Moss

Ein spennande elbåt som vil vere til stades på Arendalsuka er Moss hamn sin heilelektriske arbeidsbåt «Gretha», som er oppattkalla etter den første kvinnelege ordføraren i Moss kommune. «Gretha» er bygd i aluminium hos GOT i Mandal, og er utstyrt med doble elektriske framdriftssystem frå Evoy. Gretha er eit døme på ein skreddarsydd proffbåt levert av norske produsentar.

Prosjektnamnet «go:LEIF» er ei forkorting av «Grøn Omstilling med Lading, Elektrifisering og Infrastruktur for Fritidsbåtar». Prosjektet får finansiering fra EU gjennom Interreg-samarbeidet Øresund-Kattegat-Skagerrak, og Agder fylkeskommune deltek i lag med Arendal kommune, Universitetet i Sørøst-Norge og fleire andre aktørar.