Forvaltning av kystsel

Agder fylkeskommune behandlar søknader om jakt på kystsel i tråd med en årleg kvotefordeling gitt av Fiskeridirektoratet. Både havert og steinkobbe finnes i Agder, men vi har berre kvote for havert.

Ansvar

Fiskerimyndigheitene har det totalt forvaltningsansvaret for kystsel og fastset årlege kvotar, jaktttider for dei ulike artane og reglar for gjennomføring av jakta. I det sørlege Noreg vert det jakta mest på steinkobbe og havert. Lenger nord vert det også jakta på ringsel og grønlandssel. Grønlandssel kan ein sjeldan gang opptre helt sør i Noreg også.

Fylkeskommunen har ansvar for kystseljakt i fylket, og ingen kan delta i jakt på kystsel utan løyve frå fylkeskommunen. I tillegg til å behandle søknader om fellingsløyve, registrerer fylkeskommunen talet på felte dyr, og stopper jakta når kvotane er tatt. Søknadsskjema og spørsmål som gjeld deltaking i jakt på kystsel, samt rapportering av skoten sel, må derfor sendast til den fylkeskommunen i fylket der jakta skal gå føre seg.

Søknad om løyve til jakt på kystsel

Søknader kan sendes inn fortløpande heile sesongen, så lenge det er meir igjen på kvota. Ein må vende seg til den einskilde fylkeskommune for å få vite gjenverande kvote.

Det er krevjande å jakte på kystsel, og for å delta må ein ha avlagt skytterprøve for storviltjegerar. Søkere må legge ved godkjent slik prøve.

Søknader blir behandla etter forskrift om kvoter i jakt på kystsel. Fiskeridirektoratet vedtar normalt forskrifta rett før årskiftet, og søknader vil bli behandla først etter at forskrifta for det aktuelle året er vedtatt.

Alle som har fått tillatelse til å jakte sel, skal rapportere resultatet frå jaktåret til fylkeskommunen. du skal også rapportere om du ikkje nytta jaktløyvet. Hadde du løyve forrige sesong, krevjast det at du sendte rapport for jakta innan fristen.

Skjema

Søknad om jakt på kystsel

Rapporteringsskjema

Kvoter for 2024

Kvote fastsatt av Fiskeridirektoratet:

  • HAVERT (felles kvote for strekninga Lista-Stad): 60 sel. 
    Attståande kvote: 0 sel (oppdatert 26.9)
  • STEINKOBBE: I Agder er det ikkje tildelt kvote for steinkobbe i 2024
  • Personer som har løyve til å jakte på kystsel, kan og drive fri jakt på grønlandssel (kvotefri)
     

Meld fra same dag dersom du feller sel slik at attståande kvote kan haldast oppdatert. Meldast på e-post eller telefon til kontaktperson (sjå lengre ned på sida).

Jakttidsrammer

Havert

For havert kan det i områda sør for Stad gjevast jaktløyve i perioden 1.februar-30. september, og i områda nor for Stad i perioden 2.januar -15. september.

Grønlandssel

For grønlandssel er den årlege jakttidsramma 2. januar - 30. september.

Steinkobbe

For steinkobber er den årlege jakttidsramma 2. januar - 30. april, og 1.august - 30.september.

Kompensasjonsordning frå Havforskningsinstituttet

Ein del dyr har merke festa til baksveivene. Hvis du sender inn desse, utbetaler Havforskingsinstituttet 250,- kroner per merke.  Når merka blir sendt saman med kjeven til selen, aukar utbetalinga til 500.- kroner. 

Merka skal sendast til Havforskingsinstituttet i Tromsø:

Havforskningsinstituttet
v/ Lotta Lindblom
Postboks 6404
9294 Tromsø

Sel som er merka med eit plastmerke i den eine baksveiven er det særleg viktig å få aldersdata frå. I slike tilfelle kan metoden for aldersbestemming bli kontrollert, fordi vi veit den nøyaktige alderen på disse individa (selen blei merka like etter fødsel).

Det må fyllast ut eit eget skjema om du skal sende inn slike merker

Fangstskjema (PDF, 294 kB)

Arter | Havforskningsinstituttet