Kunnskapsformidling til barn og unge om villrein og heieområde - aktuell tilskuddsordning med søknadsfrist 30. april 2025
Vi lyser nå ut ei regional støtteordning for Heiplanen finansiert med midlar frå Telemark, Agder, Rogaland og Vestland fylkeskommunar. Det lyses nå ut 235 000 kroner.
Målet er å genere aktivitet som bidrar til kunnskapsformidling om villrein og villreinfjella til barn og unge. Kunnskapsbasert planlegging og utvikling er eit av satsingsområda i Heiplanen og støtteordninga er forankra i Handlingsprogrammet 2024-2027
Retningslinjer
Støtteordninga er forankra i Heiplanen.
Tiltaket er forankra i handlingsprogrammet 2024-2027 til satsingsområdet Kunnskapsbasert planlegging og utvikling, tiltak 2.4 Kunnskapsformidling til barn og ungdom.
Handlingsprogrammet vart godkjend i fylkestinga i Vestland, Rogaland, Agder og Telemark fylkeskommunar hausten 2023 og våren 2024.
Arrangere / legge til rette for opplevingar eller aktivitet for å gi skuleborn og -ungdom auka kunnskap, stoltheit og forståing av heieområda og villreinen.
Aktivitetane og opplevingane skal gi skuleungdommane auka kunnskap og betre forutsetning for å taka omsyn til villreinen.
Det er ein føresetnad at aktivitetane og opplevingane ikkje er i konflikt med leveområda til villreinen.
Kommunar og skular i Heiplankommunane kan søke
Frivillige organisasjonar kan søke om støtte til aktivitetar som leggjast til ein eller fleire av Heiplankommunane
Private aktørar kan søke om støtte til aktivitetar dersom aktiviteten famnar ein eller fleire skular og samarbeid med disse er etablert. Skulane må ligge i Heiplankommunane.
De skriv søknaden i søknadsportalen regionalforvaltning - sjå følgjande lenke: www.regionalforvaltning.no.
Her er det ein mal kor de skal fylle inn føremål, innhald, organisering, eventuelle samarbeidspartnarar, framdriftsplan, budsjett, finansieringsplan og venta/ønska resultat og effektar.
Hugs å kopiere kriteria og svar dei ut under innhald i søknadsportalen.
30. april 2025.
Informasjon om retningsliner og søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til fylkeskommunane og med brev til aktuelle søkjarar.
Om de treng hjelp til å bruka søkjarportalen www.regionalforvaltning.no, ta kontakt med: Katrine Skajaa Gunnarsli, Agder fylkeskommune.
Om de ynskjer rettleiing i utforminga av aktivitet/opplegg ta kontakt med:
• Telemark fylkeskommune, Tom Omnes Lia, 473 62 500.
• Agder fylkeskommune, Katrine S. Gunnarsli, 906 32 657.
• Rogaland fylkeskommune, May Endresen, 958 13 326.
• Vestland fylkeskommune, Snorre Waage, 959 76 861.
De kan søke om økonomisk støtte til å gjennomføre aktivitetar som er i samsvar med føremålet. Det kan løyvast inntil 50 prosent av godkjend budsjett.
Søknadene blir handsama og avgjort av Heiplansekretariatet.
Fyrste sjekkpunktet er om aktiviteten/prosjektet er i konflikt med leveområda til villreinen og omsynssonene i Heiplanen. Om aktiviteten verkar å vera i konflikt, blir søknaden avslått. Om ikkje i konflikt, blir søknaden vurdert etter kriteria under:
Kva og korleis kunnskapen vil bli formidla og korleis dette vil gje skuleungdom auka kunnskap og betre forutsetning for å taka omsyn til villreinen
Forankring i skuleplanen
Gjennomføringsevne. Korleis kan prosjektet/tiltaket gjennomførast med mindre tilskot enn de det søkjer om?
Det er ynskjeleg å få til ei god geografisk spreiing av dei prosjekta/tiltaka som får økonomisk støtte.
Det kan løyvast inntil 50% av godkjent budsjett. Maks støtte er kr. 50.000. Godkjend timepris for eigeninnsats i budsjettet, er maks 1 promille av brutto årsløn med ei maks grense på kr. 800 per time.
De skal dele erfaringar og lærdom frå prosjekta/tiltaka på Heiplansamlinger.
De må skildre i søknaden korleis prosjektet/tiltaket oppfyller vurderingskriteria.
De må gjennomføra prosjektet/tiltaket i samsvar med søknad, godkjend budsjett og finansieringsplan. Om endringar, må desse godkjennast på førehand.
I tilsegnsbrevet blir det sett ein frist for gjennomføring. Om prosjektet ikkje blir avslutta innan fristen, blir tilskotet trekt attende. De kan be om utsetjing av fristen.
De skal utarbeide ein prosjektrekneskap med postar som gjer det mogleg å samanlikna rekneskapen med godkjend budsjett. Prosjektrekneskapen skal liggja med når de ber om sluttutbetaling. Prosjektrekneskapen treng ikkje vera godkjent av ein autorisert revisor.