Magnus Løseth Magnússon - ny biblioteksjef i Bykle

Foto av mann - Klikk for stort bilde Privat

Namn
Magnus Løseth Magnússon

Arbeidstittel 
Biblioteksjef i Bykle kommune

Bakgrunn
Bachelorgrad i Bibliotek- og informasjonsvitenskap frå Oslomet, ved siden av studiene jobba eg på biblioteka til Kristiania (tidl. Høyskolen Kristiania) og Universitetet i Sørøst-Norge i Drammen.

Kvifor er du bibliotekar? 
Å kunne hjelpe andre er noko som gjer meg stor glede, samt å kunne dele gode historiar frå heile verda. Saman med å endeleg kunne kalle seg skikkeleg vaksen, og ein far som har mast om at eg og burde bli bibliotekar, det tok meg berre 29 år å skjønne at han hadde eit poeng, så då kasta eg meg inn på bibliotekstudiet på OsloMet. 

Kva er bibliotekets viktigaste rolle? 
I ein verden der informasjonsflyten går fortare og fortare, og det kan vere vanskeleg å skille falske nyheter frå sanne, tykkjer eg at det er viktig for eit bibliotek å kunne sjå forskjellen, og å ha kunnskapen til å drive god kildekritikk er jo i dag eit relevant tema. Men eit bibliotek må og drive god litteraturformidling til båe stor og små.

Bibliotekminne/ ei god bibliotekhistorie
Eit ganske nytt eit er då ein klasse kom innom og begynte å synge bursdagssangen til meg. Det kom ganske overraskande på, og gjorde ein vanleg tirsdag om til ein ganske god tirsdag.

Skjult perle frå det stedet du jobbar/bur
Som ein ganske ny tilflyttar til Hovden finn du meg ofte glanande på den flotte naturen ein finn her. Biblioteket me har på Hovden må nok ha ein av dei flottaste utsiktane ein kan finne her til lands. Har litt følelsen av at eg har flytta inn i eit maleri av Theodor Kittelsen. 

Kva les du no? 
Ein god del ungdomslitteratur til formidling til elevar. Blir ein del av min tidlegare nabo Anders Totland. På «fritida» les eg Lee Child sin serie om Reacher, då eg falt pladask for tv-serien som kom ut for eit par år sida. Og for meg ein klassiker «Everybody loves our town» av Mark Yarm, historien om musikksjangeren grunge og byen Seattle på 80- fram til 00-tallet.