Rebecca Egeland, ny biblioteksjef i Gjerstad

Foto av kvinne - Klikk for stort bilde Håkon Vårhus Sagen

Namn
Rebecca Egeland

Arbeidstittel
Biblioteksjef for Gjerstad folkebibliotek (og kulturagent for Gjerstad kommune)

Bakgrunn
Eg er av dei som har «plumpa» litt inn i bibliotekverda. Bibliotek og bøker har vore sentralt i livet mitt heile vegen, men det er tilfeldigheitar som gjer at eg sit som biblioteksjef i dag. 
Studieløpet mitt byrja med bachelor og mastergrad i tradisjonskunst (folkemusikk) frå høgskulen i Telemark – Rauland, men etter å ha fullført mastergraden, fann eg ut at det kunne vere fornuftig å ha meir kultur i bagasjen, og følgde såleis opp med mastergrad i kulturstudiar i Bø. 
I tillegg til å studere, hadde eg mellom anna forskjellige engasjement hjå Agder folkemusikkarkiv, der eg vart forelska i systematisering og «orden i sysakene».
I 2018 var eg ferdig med master i kulturstudiar. Derifrå gjekk vegen vidare til Rennesøy folkebibliotek og 50%-stilling som kulturformidlar. Her hadde eg hovudansvar for barnehage- og klassebesøk og elles arrangement særleg for barn og ungdom. Det første året mitt på Rennesøy brukte eg mykje på å markere Aasmund Olavsson Vinjes 200-årsjubileum, for alle aldrar. I tillegg til formidling, hadde eg også vanlege skrankevakter.
Då biblioteksjefen pensjonerte seg i 2020 og Rennesøy vart ein del av Stavanger, vart eg koordinator («leiar») i 100%-stilling på Rennesøy filial under Sølvberget bibliotek og kulturhus. Denne stillinga hadde eg fram til eg i 2024 fann ut at eg ville bytte beite, og hamna på Gjerstad!

Kvifor er du bibliotekar? 
Som nemnd over, er det tilfeldig at eg byrja å jobbe på bibliotek. Då stilling som kulturformidlar vart lyse ut, tenkte eg at det måtte vere ein draum – å få kombinere formidling av kultur, og samtidig få vere på eit bibliotek. Det er nok i hovudsak kombinasjonen formidling av litteratur, bøker generelt og at eg er eit ordensmenneske som gjer at eg er bibliotekar i dag. I tillegg har stillinga som biblioteksjef i Gjerstad ansvar for ein kulturbit, som er heilt plomma i egget for meg!

Kva er bibliotekets viktigaste rolle? 
Eg er veldig forkjempar for at biblioteket skal vere for alle, små og store, lesarar og dei som berre vil «henge». For meg er det viktig at biblioteket er ein stad der alle blir sett og er eit lågterskeltilbod.

Bibliotekminne/ ei god bibliotekhistorie
Om det ikkje er ei god historie, så er det iallfall eit minne eg nok aldri gløymer.
I januar 2024 vart Rennesøy bibliotek, mitt bibliotek, stengt på tre dagars varsel frå hovudverneombodet grunna mangel på universal utforming. 
Den siste vakta mi før stenging kom det fleire såra og sinte barn med eit lass av bøker dei skulle låne, og samtidig spurte dei foreldra sine om dei kunne få streike for biblioteket. Då gjekk det verkeleg opp for meg kor viktig rolle biblioteket spelte for lokalsamfunnet. Ungane fekk diverre ikkje streike, men biblioteket opna att etter to veker. Dette var to lange veker både for meg og lånarane.

Skjult perle frå det stedet du jobbar/bur
Når eg skriv dette, har eg budd i Gjerstad i 3 veker, så dei skjulte perlene har vel latt vente på seg, men eg vil tilrå alle som er glad i å gå på tur til å ta seg ein tur til Solhomfjell!

Kva les du no? 
Eg må innrømme at eg ikkje er heilt i den store leseperioda nett no, men eg held på med «Alt lyset vi ikke ser» av Anthony Doerr. Det er ei bok som har vore på leselista mi lenge. Elles les eg det meste – frå krim og historiske romanar til noveller og lyrikk, gjerne på nynorsk.