Ei omfattande samling tradisjonsmateriale
33.000 digitaliserte lydkutt, 7000 foto, notemateriale, vise- og stevbøker, video/film, fagbibliotek m.m. Innsamlingsarbeidet skjer heile tida, så samlingane veks stadig.
På heimesidene til folkemusikkarkivet kan ein ske i arkivet si musikksamling. På desse sidene er det og ein database på omlag 2500 stev (Stevbasen), der ein kan søke og finne stev til dei fleste høve.
Folkemusikkarkivet held til på Setesdalsmuseet på Rysstad i Valle kommune. Her har vi trivelege lokalar med eige lytte-/studierom, der publikum uforstyrra kan lytte og lete i arkivet sine samlingar.
Agder folkemusikkarkiv - Agderfolk