Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken i Agder (DKSS) skal gi eldre betre tilgang på kunst og kultur og legge til rette for økt samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren.

Den kulturelle spaserstokken er ei fylkeskommunal støtteordning der Agder fylkeskommune deler ut midlar til kommunane, basert på talet på innbyggarar over 70 år, med garanti for ein minstesum. For 2026 er det sett av kr. 1 861 000 til ordninga. 

Kva skal midlane nyttast til? 

Midlane skal gå til profesjonell kunst- og kulturformidling innan alle sjangrar og uttrykk, som gir eldre eit tilpassa kulturtilbod på stader der dei er i dagleglivet. 

Det er viktig at det er godt samarbeid mellom kultur og omsorgsektoren i kommunen når ein utformer og gjennomfører tilbod. Tilbodet må gjerne skje i samarbeid med kunst- og kulturinsitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. 

Tildeling av midlar og rapportering 

Det er berre kommunane i Agder som har høve til å ta imot midlar. Kommunane som tar imot midlar forpliktar seg til å gi eit tilbod i Den kulturelle spaserstokken, og å levere rapport om aktiviteten. 

Kommunekontaktar i Den kulturelle spaserstokken

Kommunekontaktar i Den kulturelle spaserstokken
KommuneKontaktpersonE-postEining
ArendalHenriette W HoddevikHenriette.walbeck.hoddevik@arendal.kommune.noHelse og levekår
BirkenesAnne Karin Haugstulen TveideAnne.karin.haugstulen.tveide@birkenes.kommune.noAktivitetssenter/Frivilligsentralen
ByglandKenneth Fyhnkenneth.fyhn@bygland.kommune.noKultur
BykleBente TrydalBente.trydal@bykle.kommune.noOppvekst/kultur
Evje og HornnesMaya Hjertholmmaya.hjertholm@e-h.kommune.noKultur
FarsundElise Løyning Sivertsenelise.loyning.sivertsen@farsund.kommune.noKultur
FlekkefjordMarianne Haftemarianne.hafte@flekkefjord.kommune.noFrivilligsentralen
FrolandReidun BrinchmannReidun.Brinchmann@froland.kommune.noBiblioteket
GjerstadRebecca EgelandRebecca.Egeland@gjerstad.kommune.noBibliotek/kultur
GrimstadTore HeuerTore.Heuer@grimstad.kommune.noKulturskolen
HægebostadKatrine Raen VatneKari.hobbesland@gmail.comFrivilligsentralen
IvelandBodil Brandsdal Aanonsenbodil.aanonsen@iveland.kommune.noPleie og omsorg
KristiansandMaria Elise Thorkildsenmariaelise.thorkildsen@kristiansand.kommune.noKulturskolen
KvinesdalIrene Sandtorvirene.sandtorv@kvinesdal.kommune.noFrivilligsentralen
LillesandToffen Gunnufsentoffen.gunnufsen@lillesand.kommune.noKultur
LindesnesLouise Tallaksen PariggiLouise.Tallaksen.Pariggi@Lindesnes.kommune.noKultur
LyngdalJorunn Flottorpjorunn.bakke.flottorp@lyngdal.kommune.noFrivilligsentralen
RisørKnut Joast Artnzenknut.jost.arntzen@risor.kommune.noKultur
SirdalEva SåkvitneEva.Sakvitne@sirdal.kommune.noPleie- og Omsorgstjenesten
TvedestrandFranziska Rüttimann StoremyrFranziska.ruttimann.Storemyr@tvedestrand.kommune.noKultur
ValleTorunn Charlotte Nybergtorunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.noKultur
VegårsheiSonja LindtveitSonja.lindtveit@vegarshei.kommune.noBibliotek
VenneslaTove Linda HøgstølTLH@vennesla.kommune.noKultur
ÅmliLise Lotte Fogh Johanssonlise.lotte.fogh.Johansson@amli.kommune.noKultur
ÅseralNina Tollefsennina.tollefsen@aseral.kommune.noKultur