Frivilligstrategi for Agder 2022-2030
Visjonen for frivilligstrategien for Agder er «økt deltaking for betre levekår». Visjonen føreset ei sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivilligheit på Agder – og dette er også hovudmålet for strategien.
Hensikta med frivilligstrategien er å utvikle rammer og verktøy for heile regionen, som kan føre til ei tydeleg retning på samhandlinga og samarbeidet mellom offentleg og frivillig sektor. Frivilligstrategien skal dekke kva som trengs for å samordne tilskot, nettverk og kompetanseheving på tvers av ulike nivå. Han skal klargjere kven som gjer kva, og korleis ein kan handle saman for å hente ut det beste hjå alle. Og han skal særleg sjå på kva rolle fylkeskommunen som regional utviklingsaktør kan ta i denne samanhengen.
Målgruppa for strategien er både frivillige organisasjonar, frivilligsentralar og kommunar. Føresetnadene for å finne en tydeleg retning, er eit godt kunnskapsgrunnlag og ein spissa strategi, utarbeida i tett dialog med frivilligheita og kommunane. Det har vært viktig å forme ein strategi som differensierer tiltak kva som trengs og som respekterer ulike roller, og som samstundes er brei og fleksibel nok til å bli opplevd som relevant og nyttig for flest mogleg i regionen vår.