Vandreutstillingen ARVARV handlar om dei norske innskrivingane på UNESCO si liste over levande kulturarv. Ho tar føre seg kva som er innskrive og korleis det forvaltast i Agder. ARV presenterar fire tema:Norsk og svensk seterkultur: ARV viser korleis seterdrift har vore ein viktig del av norsk gardsdrift gjennom historia, med kunnskap om dyrestell, matproduksjon og tradisjonar knytte til livet i fjellet. Utstillinga viser også budeia si rolle, folketru og mattradisjonar som ysting og kinning av smør.Nordiske klinkbåttradisjonar: ARV presenterer den nordiske tradisjonen med å byggje båtar med klinkteknikk – ei handverkskunnskap som har røter langt tilbake i historia, og som blir overført gjennom praksis og lærlingordningar.Bunadbruk i Noreg: ARV viser bunaden som ein levande tradisjon knytt til identitet, tilhøyrsle og handverk. Utstillinga løftar fram korleis kunnskap om saum og materialar blir vidareført gjennom kurs, lærlingordningar og lokalt engasjement.Folkemusikktradisjon i Setesdal: ARV formidlar ein rik tradisjon med folkedans og folkemusikk. Speling, dansing og synging omhandlar folkemusikktradisjonen i Bykle, Valle og Bygland. Tradisjonenis blir haldne levande gjennom opplæring, festivalar og lokale miljø.Eit gjennomgåande tema er korleis tradisjonell kunnskap blir teken vare på, brukt og vidareført i dag, mellom anna gjennom opplæring, frivillige organisasjonar og lokalt engasjement. Her visast vandreutstillinga ARV: Her vises vandreutstillingen ARV:TIDBIBLIOTEKAugust 2026Bykle folkebibliotekSeptember 2026Valle folkebibliotekOktober 2026Bygland folkebibliotekNovember 2026Evje og HornnesJanuar 2027Grimstad bibliotekFebruar 2027Lillesand folkebibliotekMars 2027Kristiansand folkebibliotekApril 2027Tangvall bibliotekMai 2027Vågsbygd bibliotekJuni 2027Nodeland bibliotekJulie/august 2027Iveland folkebibliotekSeptember 2027Birkenes folkebibliotekOktober 2027Arendal bibliotekNovember 2027Froland bibliotekJanuar 2028Åmli bibliotekFebruar 2028Vegårshei bibliotekMars 2028Gjerstad folkebibliotekApril 2028Risør folkebibliotekMai 2028Tvedestrand bibliotekJuni 2028Vennesla bibliotekJuli 2028Mandal bibliotekAugust 2028Øyslebø bibliotekSeptember 2028Vigeland bibliotekOktober 2028Lyngdal bibliotekNovember 2028Farsund bibliotekJanuar 2029Flekkefjord bibliotekFebruar 2029Kvinesdal bibliotekMars 2029Hægebostad bibliotekApril 2029Åseral bibliotekMai 2029Sirdal folkebibliotek Publisert 16.06.2026 14.28 Sist endret 22.06.2026 13.40