Vandreutstillingen ARV

ARV handlar om dei norske innskrivingane på UNESCO si liste over levande kulturarv. Ho tar føre seg kva som er innskrive og korleis det forvaltast i Agder. 

Bunadsølje - Klikk for stort bilde

ARV presenterar fire tema:

  • Norsk og svensk seterkultur: 
    ARV viser korleis seterdrift har vore ein viktig del av norsk gardsdrift gjennom historia, med kunnskap om dyrestell, matproduksjon og tradisjonar knytte til livet i fjellet. Utstillinga viser også budeia si rolle, folketru og mattradisjonar som ysting og kinning av smør.
  • Nordiske klinkbåttradisjonar: 
    ARV presenterer den nordiske tradisjonen med å byggje båtar med klinkteknikk – ei handverkskunnskap som har røter langt tilbake i historia, og som blir overført gjennom praksis og lærlingordningar.
  • Bunadbruk i Noreg: 
    ARV viser bunaden som ein levande tradisjon knytt til identitet, tilhøyrsle og handverk. Utstillinga løftar fram korleis kunnskap om saum og materialar blir vidareført gjennom kurs, lærlingordningar og lokalt engasjement.
  • Folkemusikktradisjon i Setesdal: 
    ARV formidlar ein rik tradisjon med folkedans og folkemusikk. Speling, dansing og synging omhandlar folkemusikktradisjonen i Bykle, Valle og Bygland. Tradisjonenis blir haldne levande gjennom opplæring, festivalar og lokale miljø.


Eit gjennomgåande tema er korleis tradisjonell kunnskap blir teken vare på, brukt og vidareført i dag, mellom anna gjennom opplæring, frivillige organisasjonar og lokalt engasjement.