Bygde- og næringsutvikling kring villreinfjellet

Bygde- og næringsutvikling kring villreinfjellet er eit av satsingsområda i Heiplanen. Kommunane som er med i Heiplanen må vera søkar. Søknadsfrist er 30. januar.

Dette er ei regional støtteordning for Heiplanen finansiert med midlar frå Miljødirektoratet og Agder, Telemark, Rogaland og Vestland fylkeskommunar.  

Målet er bygde- og næringsutvikling kring villreinfjella med søkelyset på levande og attraktive bygder og grender. Bygde- og næringsutvikling er eit av satsingsområda i Heiplanen og støtteordninga er forankra i Handlingsprogrammet 2024-2027

Det lyses nå ut kr 700 000.  Beløpet kan bli auka.

Føremål

  • Legge til rette for aktivitetar og opplevingar som formidlar natur- og kulturarv knytt til villreinfjellet og som spelar på lag med særpreget til bygdene og grendene. 
  • Aktivitetane og opplevingane skal styrke bygdene og grendene som stader å bu, leve, arbeide og besøke

Kven kan søke

Kommunane som er med i Heiplanen må vera søkar. Det kan vera andre aktørar enn kommunane som gjennomfører prosjektet/tiltaket.

Kva kan det søkjast om

De kan søke om økonomisk støtte til å gjennomføra fysiske tiltak som er i samsvar med føremåla. De kan søke om økonomisk støtte til å planlegge tilrettelegging av aktivitetar og opplevingar. Det kan løyvast inntil 50 prosent av godkjend budsjett. Maks støtte er 250 000 kroner.

Søknadene blir handsama og avgjort av Heiplansekretariatet.

Søknad

De skriv søknaden i søkarportalen www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Levande og attraktive bygder og grender kring villreinfjellet.

Søk støtte

Søknaden må synleggjere følgande:

  • Forankring i Heiplanen
  • Korleis prosjektet/tiltaket vil medverka til bygdeutvikling og/eller næringsutvikling
  • Formidling av natur- og kulturarv knytt til villreinfjellet
     

Det skal leverast rapport og prosjektregnskap før sluttutbetaling kan finne stad.

For meir informasjon sjå Retningsliner 2024 til støtteordninga.
 

Søknadsfrist 30. januar 2024