Tilskot til studiesenterOrdninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar. Send søknadTilskot søkes via regionalforvaltning.no Alle søknadar skal være i tråd med forskrift for ordninga. Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta - Lovdata Gå til søknadsskjemaSøknadsfristen er utløpt Informasjon om tilskuddetEit studiesenter er ein stad der folk kan møtast og lære. Det gjer det mogleg å ta utdanning og utvikle kompetanse utan å måtte flytte, spesielt i distrikta. Tilboda ved studiesentera blir fagleg styrt av vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet.Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar, som er registrerte med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra, kan søkje om tilskot til studiesentera. Det kan søkjast om tilskot til tiltak som bidrar til: Auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanningAuka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanseFleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling Publisert 06.10.2025 10.35 Sist endret 09.01.2026 11.51