Handlingsprogrammet til Heiplanen 2024-2027

1 Bakgrunn

På byrjinga av 2000 talet vart det sett søkelyset på utfordringane for villreinen og arealbruk grunna ei bit for bit nedbygging av leveområda deira. Prosjektet Villrein og samfunn kom med ei rekkje tilrådingar, jf. rapporten Villrein og samfunn, NINA temahefte nr 27, 2004, for korleis sikre funksjonelle og samanhengjande leveområde for villreinen. 

  • Oppretta nasjonale villreinområde for å kunne ha eit heilskapleg perspektiv på leveområda uavhengig av kommune- og fylkesgrenser.
  • Oppretta to europeiske villreinregionar for å synleggjera det internasjonale ansvaret Noreg har for villreinen, jf Bern konvensjonen. 
  • Utarbeide regionale planar for dei nasjonale villreinområda. 

Tilrådingane vart følgd opp i Stortingsmeldinga nr 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Her heiter det.. stimulere til at fylkeskommuner, fylkesmenn og kommuner samarbeider om regionale planer for fjellregionen som avklarer langsiktige rammer for blant annet hyttebygging, næringsutvikling og store infrastrukturtiltak. Regjeringa vil stimulere til bedre samordning mellom verneforvaltning og forvaltning etter plan- og bygningsloven og andre lover i fjellet.. sikre villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna gjennom regionale planer og etablering av europeiske villreinregioner og nasjonale villreinområder. 

Det vart definert ti nasjonale villreinområde. Våren 2007 kom Miljøverndepartement med ei oppmoding til fylkeskommunane om å utarbeide regionale planar for dei nasjonale villreinområda kor perspektivet skulle vera ivaretaking av leveområda til villreinen med å kartfesta eit nasjonalt villreinområde og bygde- og næringsutvikling i randområda til nasjonalt villreinområde. 

Kart over hensynsoner og naturvernområder - Klikk for stort bilde