2 Heiplanen
Regional plan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, kalla Heiplanen, blei vedtatt i fylkestinga i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder, Aust- Agder og Telemark, våren 2012. Heiplanen omfattar Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei som er to av dei ti nasjonale villreinområda. Miljøverndepartementet stadfesta Heiplanen våren 2013. Planen er ein regional plan i medhald av plan- og bygningslova og er retningsgjevande for kommuneplanlegginga. Heiplanen skal leggjast til grunn for både lokale, regionale og statlege styresmakter i planlegging og i tiltak, jf § 8-2 i plan- og bygningslova.
Heiplanen er eit regionalpolitisk styringsdokument som skal sikre ei heilskapleg arealforvalting av heieområda og ivaretaking av leveområda til villreinen uavhengig av kommune- og fylkesgrenser. Verktya er omsynssoner med retningsliner. I omsynssone nasjonalt villreinområde, NVO skal arealbruken og arealbehova til villreinen vera avgjerande og vektast tyngst i avklaringar av framtidig arealbruk. I omsynssone Villrein skal omsynet til arealbruken og arealbehova til villreinen avklarast med bruk av konsekvensutgreiing i handsaminga av planar og tiltak. I omsynssone Trekkområde har villreinen sin arealbruk fyrste prioritet. I omsynssone Bygdeutvikling er omsynet til villreinen sin arealbruk avklart.
Store delar av planområdet til Heiplanen er verna i medhald av naturmangfaldlova. Storparten av verneområda ligg innanføre omsynssone nasjonalt villreinområde, NVO i Setesdal Vesthei. Det største verneområdet her er Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde med eit areal på 2 345 km2 og slik Noregs nest største verneområde og det største sør for Haukelifjell.
Heiplanen omfattar etter regionreforma 2020, fylkeskommunane Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemark. I 2024 skil Vestfold og Telemark lag og Telemark fylkeskommune blir med i Heiplanen. Det er 18 kommunar som er omfatta av Heiplanen. Reelt er det 17 kommunar som er med. Strand kommune har grunna svært lite areal i planområdet, ei heller areal i omsynssone nasjonalt villreinområde, ikkje delteke i planarbeidet og i oppfølginga av Heiplanen. Etter kommunereforma, er Forsand og Sandnes slått saman til Sandnes kommune og Odda kommune er slått saman med kommunane Jondal og Ullensvang til Ullensvang kommune.