Heiplansekretariatet har fått mandat til å utarbeide prosjektbeskriving. For å sikre god medverknad tidleg i prosessen er det etablert eit politisk råd med representantar frå kommunane og fylkeskommunane, samt frå statsforvaltar og villreinnemnda.
Formålet med planarbeidet
Målet med revisjonen er å oppdatere Heiplanen i tråd med ny kunnskap og gjennom det betre ivareta villreinens leveområde. Samstundes må planen ivareta behovet som lokalsamfunna har for positiv utvikling.
Bakgrunnen for revisjonen
Heiplanen er ein regional plan som omfattar dei to nasjonale villreinområda Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. Planen gjeld for fire fylke og 17 kommunar. Heiplanen vart endeleg vedteken og godkjend av fylkestinga våren 2012, og Miljøverndepartementet stadfesta planen i juni 2013. Intensjonen med Heiplanen er å ivareta leveområda til Europas sørlegaste villreinstamme, samstundes som ein tek omsyn til lokalsamfunna sitt behov for langsiktig og positiv utvikling.
Villreinen i dei to sørlegaste villreinområda i Europa – Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei – er i dag klassifisert med dårleg og middels kvalitet etter kvalitetsnormen for villrein. Heiplanen, som er den regionale planen for desse områda, har ikkje i tilstrekkeleg grad sikra villreinens leveområde, og utviklinga går ikkje i ønskja retning. Med bakgrunn i ny kunnskap om villrein, nasjonale planretningslinjer, nasjonale forventningar, samt forslag som ligg i tiltaksplanar for villrein, er det behov for ein avgrensa og målretta revisjon av Heiplanen.
Stortingsmelding 18 – Ein forbetra tilstand for villrein (villreinmeldinga) legg føringar for ei styrkt og meir heilskapleg forvaltning av leveområda til villreinen. Meldinga peikar på behovet for å ivareta villreinen si langsiktige overleving gjennom restriktiv arealforvaltning, betre koordinering av ferdsel, styrkt helseovervaking og restaurering av leveområda. Meldinga slår fast at det skal utarbeidast tiltaksplanar for å betre tilstanden for villrein i dei områda som ikkje tilfredsstiller kravet om minimum middels kvalitet etter kvalitetsnormen for villrein.
I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging for perioden 2023–2027 er villreinen løfta spesielt fram som ein viktig del av norsk natur og kultur. I regjerings forventning nr. 58 står det: «Villreinens leveområder sikres, og vedtatte regionale planer for villreinfjella oppdateres i samsvar med ny kunnskap og følges opp i den kommunale planleggingen». Vidare står det: «Det er viktig at fylkeskommunene og kommunene legger stor vekt på resultatene fra klassifiseringen av villreinområdene og arbeider aktivt for å oppnå kvalitetsmålene for de nasjonale villreinområdene. De regionale planene for fjellområdene med villrein er et viktig verktøy for å få til dette.»
Dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet underbygger dette og inneheld ei eiga føring for villrein. I punkt 3.8 står det: «Areal-planleggingen skal bidra til å nå målet om en helhetlig og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet. Dette innebærer at det skal være en høy terskel for inngrep i villreinens leveområder.» Dette inneber at kommunar og andre planstyresmakter skal leggje særleg vekt på omsyn til villrein ved vurdering av nye arealinngrep, og sikre at villreinens leveområde blir verna mot fragmentering og nedbygging.
Organisering og medverknad
Det er avgjerande ved revisjon av Heiplanen at det blir sikra god medverknad. Det er først gjennom god forankring i kommunane at Heiplanen kan bli eit effektivt verkemiddel for å nå målet om å betre ivareta villreinen sine leveområde i vår del av landet. Korleis arbeidet skal organiserast vil gå fram av planprogrammet, som er under utarbeiding.
Det er allereie oppretta eit politisk råd for arbeidet med planprogrammet og deretter revisjonen. Kvar av dei 17 kommunane vart spurde om å stille med ein representant på høgt politisk nivå, ved ordførar eller varaordførar, og deriblant leier for verneområdestyret. I tillegg deltek leier av villreinnemnda og fire statsforvaltarar. Det er også oppretta samarbeid administrativt med kommunane og dei aktuelle etatane. Agder fylkeskommune leiar arbeidet med revisjonen.
Tentativ tidsplan for revisjonsprosessen
Vedtak om revisjon av Heiplanen
Fylkestinget vedtek oppstart av arbeid med revisjon av planen.
21.10.2025 00.00
Evaluering av gjeldande Heiplan
April - august/september 2026
01.09.2026 00.00
Lage forslag til planprogram
Desember 2025 - oktober 2026
06.10.2026 00.00
Høyring av planprogrammet
Oktober 2026 - februar 2027
15.02.2027 00.00
Fastsetjing av planprogram
01.05.2027 00.00
Revidere plan
Oktober 2026 - september 2027
21.09.2027 00.00
Høyring av planforslaget
November 2027 - april/mai 2028
01.05.2028 00.00
Revidert Heiplan vedteken
20.06.2028 00.00