Stadutvikling er eit sentralt tema for fylkeskommunen. Vi jobbar med temaet gjennom planhandsaming av kommuneplanar og reguleringsplanar, hovudsakeleg i byar og tettstadar. I tillegg er temaet sentralt for gjennomføring av moglegheitsstudiar, visualiseringar, arkitektkonkurransar med meir.
Fylkeskommunen har mellom anna bidrege fagleg og økonomisk til gjennomføring av arkitektkonkurransar for viktige offentlege byggverk i ulike kommunar.
I tillegg har fylkeskommunen sjølv arrangert arkitektkonkurransar for oppføring av fleire fylkeskommunale byggverk.
Du kan finna mykje relevant informasjon om stadsutvikling på nettsidene til regjeringa:
Regjeringas nettsider om by- og stadsutvikling
Publisert 19.12.2019 11.45
Sist endret 12.05.2025 14.11