Samarbeids- og utviklingsavtale mellom Åseral kommune og Agder fylkeskommune (2023-2026)

Bakgrunn

Dette er ei samarbeids- og utviklingsavtale mellom Åseral kommune og Agder fylkeskommune. Føremålet med avtalen er å dekkje viktige samarbeidsområde for å nå måla i Regionplan Agder 2030 og Åseral kommune sin samfunnsdel.  Avtalen dekkjer ikkje alleområde som fylkeskommunen og kommunen samarbeider om, men trekk fram nokre prioriterte område der partane skal gjere ein ekstra innsats og leggje til rette for eit målretta og systematisk samarbeid.

Rammer

  • Avtalen gjeld for perioden 2023-2026 og kan rullerast dersom det er naudsynt.
  • Samarbeidsområda skal konkretiserast gjennom aktivitetar og prosjektomtalar. Gjennomføring og måloppnåing skal vurderast undervegs i eigne møte.
  • Eventuelle økonomiske forpliktingar vert beskrive for kvar einskild aktivitet gjennom eigne vedtak.
  • Tiltak og prioriteringar på fylkesveg vert ivaretatt gjennom handlingsprogram for fylkesveg.

_______________

Samarbeidsområde

1. Bærekraftig destinasjonsutvikling

Ved sida av primærnæring og vasskraft er reiselivsnæringa stor i Åseral. Partane skal samarbeide om omstillingsprosessen som må til for å få til ei berekraftig destinasjonsutvikling. Arealrekneskapet for Åseral skal nyttast og vidareutviklast for å tilpassast omstillingsprosessen. Partane skal og samarbeide om formidling av kunnskap, og setje temaet på den regionale og nasjonale agendaen. I samarbeidet vil resultata frå GNIST-programmet «Berekraftig hyggebygging i Bortelid» vere førande:

  • Utvikle sentrum og aktivitetstilbod
  • Utvikle dele- og støttefunksjonar for eksisterande hytter
  • Utbygging av nye hytter
  • Økologisk reparasjon

2. Utvikling av Sosteli

Partane skal samarbeide om å etablere ei ny utstilling på Minne kultursenter der ein presenterer historia og funna frå jernaldergarden Sosteli, samt knyttar jernaldergarden opp mot jernvinneanlegget ved Nåvatn. Ein skal marknadsføre, ruste opp informasjonstavler, etablere friluftstoalett og sikre parkeringsplassar slik at området i mykje større grad kan brukast til formidling og vitjing av ulike grupper.

3. Tiltak for å hindre utanforskap

Partane skal samarbeide om:

  • Utvikling av Kyrkjebygd sentrum med fokus på møteplassar og universell utforming.
  • Å skape trygge lokalsamfunn for born og unge, ved å følgje opp resultat frå Ungdata-undersøkinga i kommunen på ein konkret måte. Partane skal identifisere lokale utfordringar og trendar, og planleggje og evaluere tiltak som er retta mot born og unges nærmiljø. Fylkeskommunen skal bidra med kompetanse, blant anna innan stadutvikling og analyse.
  • Eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid for å fremme god helse i befolkninga og å redusere sosiale helseforskjellar.

4. Kollektivtilbod

Åseral kommune har fått innovasjonsmidlar frå DOGA for å utforske alternativ bygdetransport, og har utvikla tilbodet «Hent meg». Partane skal sammen med AKT sjå på korleis erfaringane og løysningane i «Hent meg» kan sjåast i samanheng med utviklingen av AKT sitt eige tilbod, SVIPP. Målet er å utvikle eit godt kollektivtilbod for alle og sikre god medverknad frå brukargrupper.

5. Utdanning og kompetanse

Eit viktig innsatsområde for å betre levekår er å jobba aktivt med alle elevar og lærlingar sine resultat knytt til læringsmiljø, læringsutbytte og gjennomføring. Kommunen og fylkeskommunen har eit felles ansvar for det 13-årige skuleløpet.

Partane skal særskilt samarbeide om:

  • Vidareutvikling av utdanningstilbodet ved Byremo og Setesdal vidaregåande skule, slik at ein legg til rette for framtidas behov for arbeidskraft
  • At elevar som tek yrkesfag får lærlingplass innan offentleg eller privat sektor i eigen kommune eller i nabokommunar
  • Overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule
  • Auke kunnskapen om, og samarbeide om utvikling av tilbodet ved Fagskulen i Agder, gjerne med tilrettelagte nettstudiar

Kontakt, møte og ansvarsfordeling

Kontaktpersonane i fylkeskommunen og kommunen har ansvar for å halde eigen organisasjon orientert om arbeidet. Kontaktpersonane skal bidra til å koordinere innspel og kontakt mellom organisasjonane innanfor rammene av denne avtalen.

Kontaktperson i fylkeskommunen: Anita Henriksen, fylkesdirektør Regionplan Agder.

Det skal gjennomførast statusmøte for administrativ oppfølging av avtalen minst ein gong i året. Politisk leiing møtast minst ein gong kvart andre år. Statusmøte skal prioritere framdrift og vidare arbeid med samarbeidsområda i avtalen. Kommunen har ansvar for å kalle inn til møtet. Fylkeskommunen skriv referat.

Inger Lise Lund Stulien

(sign)

Agder fylkeskommune

Arne Thomassen

(sign)

Fylkesordfører Agder fylkeskommune

Kommunevåpen for Åseral. - Klikk for stort bilde
Fylkeskommunevåpen - Klikk for stort bilde