Bakgrunn
Dette er ei samarbeids- og utviklingsavtale mellom Bygland kommune og Agder fylkeskommune. Føremålet med avtalen er å dekke viktige samarbeidsområde for å nå måla i Regionplan Agder 2030 og Bygland kommune sin samfunnsdel. Avtalen dekker ikkje alle område som fylkeskommunen og kommunen samarbeider om, men trekk fram nokon prioriterte område der partane skal gjere ein ekstra innsats og legge til rette for eit målretta og systematisk samarbeid.
Rammer
- Avtalen gjeld for perioden 2023-2026 og kan rullerast dersom det er naudsynt.
- Samarbeidsområda skal konkretiserast gjennom aktivitetar og prosjektbeskrivelsar. Gjennomføring og måloppnåing skal vurderast undervegs i eigne møte.
- Eventuelle økonomiske forpliktingar vert beskrive for kvar einskild aktivitet gjennom eigne vedtak.
- Tiltak og prioriteringar på fylkesveg blir vareteke i ein eigen prosess tilknytt handlingsprogram for fylkesveg.
__________
Samarbeidsområde
1. Stads-, kultur- og næringsutvikling
Satsing på omstilling:
Med bakgrunn i den sterke forvitringa innanfor sysselsetting og folketal dei siste 20 åra, skal partane arbeide for at Bygland får status som omstillingskommune i det nasjonale programmet Regional omstilling. Programmet finansierast over statsbudsjettet etter søknad frå fylkeskommunen og vil måtte følgast opp av både kommunen, fylkeskommunen og staten i programperioden.
Satsing på grøn og blå verdiskaping:
Partane skal samarbeide om grøn verdiskaping og næringsutvikling. Kommunen ønskjer å vere ein del av visjonen Electric Region Agder.
Bygland ønskjer å styrke si satsing på grøn og blå næring og tilhøyrande kompetansemiljø lokalt. Partane skal saman etablere ein hensiktsmessig struktur for ei slik satsing. Naturlege partnerar er kommunens allereie etablerte grøne og blå forvaltningsmiljø, KVS Bygland og private næringsaktørar.
Bygland kommune har allereie innleia eit samarbeid med Fyri IceFish AS som ønskjer å utvikle Bleka til ein internasjonal merkevare og samstundes bygge eit blått kompetansemiljø for ferskvatn. Det er naturleg at dette initiativet vidareførast i ramma av ei felles blå/grøn satsing.
Kultursatsing:
Partane skal saman være pådrivar for at riksveg 9 får status som nasjonal turistveg, og tilretteleggje for formidling av kulturmiljø langs vegen.
Agder fylkeskommune har vært engasjert i utviklinga av DS Bjoren. Denne satsinga har vært viktig både for Bygland og resten av Setesdal. Partane ynskjer å styrke samarbeide framover og saman utvikle DS Bjoren til eit naturleg turistmål i regionen. Partane vil også arbeide saman for å sikre ei god berekraftig drift av DS Bjoren.
Partane har også underteikna ein intensjonsavtale saman med Kulturhistorisk museum om å sikre, styrke og utvikle kulturhistoriske minne i Bygland. Bygland har mange og rike funn frå folkevandring og vikingtid som skal sikrast og ikkje minst formidlast gjennom utstillingar, skilting og vedlikehald.
Vidare satsing på Presteneset:
Partane skal også samarbeide i det vidare arbeidet med å utvikle Presteneset, som ei oppfølging av arbeidet som blei gjort gjennom GNIST i 2021. Agder fylkeskommune bidreg med blant anna kompetanse inn i den konkrete utviklinga av området.
2. Betre levekår og utdanning
Satsing på utdanning og lærlingar:
Et viktig innsatsområde for å betre levekår er å jobba aktivt med alle elevar og lærlingar sine resultat knytt til læringsmiljø, læringsutbytte og gjennomføring. Kommunen og fylkeskommunen har eit felles ansvar for det 13-årige skuleløpet.
Partane skal særskilt samarbeida om: At elevar som tek yrkesfag får lærlingplass innan offentleg eller privat sektor i eigen kommune eller i nabokommunar, og overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule.
Satsing på levekår:
Kommunen og fylkeskommunen skal samarbeide om eit heilskapleg levekårsløft for Byglandsfjord. Kommunen tar initiativ, og fylkeskommunen skal bidra med kompetanse og tilrettelegging. Partane skal saman utvikle ei nærmiljøsatsing for Byglandsfjord.
Kontakt, møte og ansvarsfordeling
Kontaktpersonane i fylkeskommunen og kommunen har ansvar for å halde eigen organisasjon orientert om arbeidet. Kontaktpersonane skal bidra til å koordinere innspill og kontakt mellom organisasjonane innanfor rammene av denne avtalen.
Kontaktperson i fylkeskommunen: Anita Henriksen, fylkesdirektør Regionplan Agder 2030
Det skal gjennomførast statusmøte for administrativ oppfølging av avtalen minst ein gong i året. Politisk leiing møtes minst ein gong kvart andre år. Statusmøte skal prioritere framdrift og vidare arbeid med samarbeidsområda i avtalen. Kommunen har ansvar for å kalle inn til møtet. Fylkeskommunen skriv referat.
Sigbjørn Åge Fossdal
(sign)
Ordførar Bygland kommune
Arne Thomassen
(sign)
Fylkesordfører Agder fylkeskommune