Samarbeids- og utviklingsavtale mellom Bykle kommune og Agder fylkeskommune (2023-2026)

Bakgrunn

Dette er ei samarbeids- og utviklingsavtale mellom Bykle kommune og Agder fylkeskommune. Føremålet med avtalen er å dekke viktige samarbeidsområde for å nå måla i Regionplan Agder 2030 og Bykle kommune sin samfunnsdel.  Avtalen dekker ikkje alle område som fylkeskommunen og kommunen samarbeider om, men trekk fram nokon prioriterte område der partane skal gjere ein ekstra innsats og legge til rette for eit målretta og systematisk samarbeid.

Rammer

  • Avtalen gjeld for perioden 2023-2026 og kan rullerast dersom det er naudsynt.
  • Samarbeidsområda skal konkretiserast gjennom aktivitetar og prosjektskildringar.
  • Eventuelle økonomiske forpliktingar vert beskrive for kvar einskild aktivitet gjennom eigne vedtak.

--------

Samarbeidsområde

Utdanning og levekår

Et viktig innsatsområde for å betre levekår er å jobbe aktivt med alle elevar og lærlingar sine resultat knytt til læringsmiljø, læringsutbytte og gjennomføring. Kommunen og fylkeskommunen har eit felles ansvar for det 13-årige skuleløpet.

Partane skal særskilt samarbeide om:

  • Vidareutvikling av Hovden skigymnas, v/Setesdal vidaregåande skule
  • Butilbod og elevar sine behov i eit 24/7 perspektiv
  • Skulehelsetenesta på vgs, og lokal tannhelseteneste
  • At elevar som tek yrkesfag får lærlingeplass innan offentleg eller privat sektor i eigen kommune eller i nabokommunar
  • Overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule

Partane skal samarbeide om eit pilotprosjekt for utprøving av ny modell for rekruttering og mobilisering til økt deltaking i arbeidslivet i småkommunar. Partane vil og samarbeide for å få på plass et systematisk folkehelsearbeid i kommunen. Dette inneber oversikt over folkehelseutfordringane og videre oppfølging i planverk og konkrete tiltak.

Energisenter og berekraftig stadutvikling i Fjellbygda Bykle

Partane skal samarbeide om ei eiga satsing som omhandler tettstaden/kyrkjebygda og nedre delar av kommunen, som har eit potensial til annan utvikling enn Fjellbyen Hovden som reiselivsdestinasjon. Ein skal ta utgangspunkt i FNs 17 berekraftsmål og konkretisere tiltak for lokalsamfunnet gjennom innbyggjarinvolvering. Innhald i Fjellbygdsatsinga kan vere retta mot 

  • attraktivitet og opplevingar
  • folketal og arbeidsplassar/næringsutvikling
  • bustad, nærmiljø og stadutvikling

Partane vil samarbeide om eit forprosjekt for utvikling av eit konsept med tanke på å skape ein attraksjon, kunnskaps- og opplevingskonsept med utgangspunkt i Fjellbygda Bykle og kommunen sine naturgjevne føresetnader med vasskraftanlegg og utbyggingshistorikk.

Arbeidet skal vektlegge korleis det grøne skiftet og fornybar energi kan bli interaktive læringsopplegg for barn og unge.

Rv. 9 Hydrogenvegen – landets første hydrogenrute

Partane samarbeider om prosjektet Rv. 9 Hydrogenvegen, og INTERREG prosjektet "Grønn Jyllandskorridor" 2023-2025. Partane skal samarbeide om å utvikle et meir effektivt og miljøvenleg transporttilbod for distrikta i Agder. Målet er å medverke til etablering av infrastruktur for småskala produksjons- og distribusjonsanlegg for hydrogen på aksa frå Kristiansand til Hovden. 

Ein vil gjennom ei pilotordning prøve ut hydrogen som drivstoff for bussar, og samarbeide med lokalt næringsliv i Bykle om utprøving av hydrogen i transport- og anleggsbransjen. Partane samarbeider og om fullføring av prosjektet Rv. 9 Gul stripe til Hovden.

Berekraftig naturforvaltning og friluftsliv

Om lag 62 prosent av arealet i Bykle er bandlagt gjennom vern og leveområde for villrein. Arealbruk og kanalisering av ferdsle er difor tidvis utfordrande for å i vareta fleire omsyn. Partane skal samarbeide om å vidareutvikle kommunen som destinasjon, og adressere og handsame naudsynte målkonflikter. Saman skal ein finne gode løysingar for friluftsliv og aktiv bruk av naturen, samtidig som ein ivaretek villrein i sårbare område og tider.

Kontakt, møte og ansvarsfordeling

Kontaktpersonane i fylkeskommunen og kommunen har ansvar for å halde eigen organisasjon orientert om arbeidet. Kontaktpersonane skal bidra til å koordinere innspel og kontakt mellom organisasjonen innanfor rammene av denne avtalen.

Kontaktperson i fylkeskommunen: Anita Henriksen, fylkesdirektør Regionplan Agder 2030

Det skal gjennomførast statusmøte for administrativ oppfølging av avtalen minst ein gong i året. Politikarane møtast minst kvart andre år. Statusmøte skal prioritere framdrift og vidare arbeid med samarbeidsområda i avtalen. Kommunen har ansvar for å kalle inn til møtet.

Fylkeskommunen skriv referat.

Jan Dagfinn Dalen

(sign)

Ordførar Bykle kommune

Arne Thomassen

(sign)

Fylkesordførar Agder fylkeskommune

Kommunevåpen. Illustrasjon - Klikk for stort bilde
Fylkeskommunevåpen - Klikk for stort bilde