Samarbeids- og utviklingsavtale mellom Valle kommune og Agder fylkeskommune (2023─2026)

Bakgrunn

Dette er ei samarbeids- og utviklingsavtale mellom Valle kommune og Agder fylkeskommune. Føremålet med avtalen er å dekke viktige samarbeidsområde for å nå måla i Regionplan Agder 2030 og Valle kommune sin samfunnsdel.  Avtalen dekker ikkje alle område som fylkeskommunen og kommunen samarbeider om, men trekk fram nokon prioriterte område der partane skal gjere ein ekstra innsats og legge til rette for eit målretta og systematisk samarbeid.

Rammer

  1. Avtalen gjeld for perioden 2023-2026 og kan rullerast dersom det er naudsynt.
  2. Samarbeidsområda skal konkretiserast gjennom aktivitetar og prosjektskildringar. Gjennomføring og måloppnåing skal vurderast undervegs i eigne møte.
  3. Eventuelle økonomiske forpliktingar vert beskrive for kvar einskild aktivitet gjennom eigne vedtak.
  4. Tiltak og prioriteringar på fylkesveg blir vareteke i ein eigen prosess tilknytt handlingsprogram for fylkesveg.

_______________

Samarbeidsområde

Berekraftig areal- og naturforvaltning

Valle kommune er opptatt av korleis dei mindre stadene kan vere med på å oppfylle berekraftsmåla. 67 prosent av arealet i Valle kommune er innanfor nasjonalt villreinområde, og om lag 38 prosent av arealet i kommunen er verna etter naturmangfaldlova. Av alt vern i Agder etter naturmangfaldlova er 13 prosent i Valle kommune. Arealbruk og kanalisering av ferdsle er difor tidvis utfordrande for å i vareta fleire omsyn. Partane skal samarbeide om å løfte og handsame målkonfliktar i arealplanlegging, og finne løysningar som varetek både vern- og utviklingsperspektiv. Som ein del av dette kan fylkeskommunen si metode for å lage arealregnskap i samarbeid med kommunen vere eit verktøy.

Kulturarv

I desember 2019 vart folkemusikk og dans i Setesdal (Bygland, Valle og Bykle) innlemma i UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv.Partane har felles ambisjon om å etablere ei permanent organisering av arbeidet med å bevare den immaterielle kulturarven og UNESCO-statusen, med forutsigbar statleg, regional og lokal finansiering.

Bygningsvernsenter

Partane ynskjer å sjå på korleis arbeidet med bygningsvernet kan styrkjast ytterlegare og vurdere om organiseringa av bygningsvernsenteret i Setesdal bør harmoniserast med andre slike senter i fylket.

Reiseliv og destinasjonsutvikling

Partane ønskjer å styrkja samarbeidet om reiseliv og destinasjonsutvikling i Agder, mellom anna gjennom Visit Setesdal og Visit Sørlandet.

Partane skal saman være pådrivar for at rv. 9 får status som nasjonal turistveg. Saman med fv. 450 Brokke-Suleskard og og Rotemo-Dalen, som er ein viktig del av transportåra mellom Ålgård og Høydalsmo, utgjer riksvegen viktig infrastruktur for utvikling av Setesdal som destinasjon. Partane skal ha tett dialog om opningstider og korleis ein kan oppretthalde nivået på vedlikehaldet av fv. 450.

Utdanning og levekår

Et viktig innsatsområde for å betre levekår er å jobba aktivt med alle elevar og lærlingar sine resultat knytt til læringsmiljø, læringsutbytte og gjennomføring. Kommunen og fylkeskommunen har eit felles ansvar for det 13-årige skuleløpet.

Partane skal særskilt samarbeida om:

  • Vidareutvikling av Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle
  • Butilbod, fritidsaktivitetar og elevars behov i eit 24/7 perspektiv
  • Skulehelsetjenesten
  • At elevar som tek yrkesfag får lærlingplass innan offentleg eller privat sektor i eigen
  • kommune eller i nabokommunar
  • Overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule

Partane vil og samarbeida for å få på plass eit systematisk folkehelsearbeid i kommunen. Dette inneber oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen og vidare oppfølging gjennom planverk og konkrete tiltak.

Kontakt, møte og ansvarsfordeling

Kontaktpersonane i fylkeskommunen og kommunen har ansvar for å halde eigen organisasjon orientert om arbeidet. Kontaktpersonane skal bidra til å koordinere innspill og kontakt mellom organisasjonene innenfor rammene av denne avtalen.

Kontaktperson i fylkeskommunen: Anita Henriksen, fylkesdirektør Regionplan 2030

Det skal gjennomførast statusmøte for administrativ oppfølging av avtalen minst ein gong i året. Politisk leiing møtest minst ein gong kvart andre år. Statusmøte skal prioritere framdrift og vidare arbeid med samarbeidsområda i avtalen. Kommunen har ansvar for å kalle inn til møtet. Fylkeskommunen skriv referat.

Steinar Kyrvestad

(sign)

Ordførar Valle kommune

Arne Thomassen

(sign)

Fylkesordfører Agder fylkeskommune

Kommunevåpen Valle kommune - Klikk for stort bilde
Fylkeskommunevåpen - Klikk for stort bilde