Heiplansamlinga 2024

"Eit regionalt perspektiv på Stortingsmelding 18 - Ein forbetra tilstand for villreinen"

Stortingsmeldinga presenterer regjeringa sin politikk for å betre tilstanden for villrein i Noreg. Meldinga skildrar villreinen si historiske utvikling og betydning for dei første menneska i Noreg, kva utfordringar villreinen står overfor i dag, og kva som er regjeringa sine konkrete mål for villreinen sin tilstand.

Tidspunkt
Torsdag 24.10.2024 12.00 - fredag 25.10.2024 12.00
Sted
Hovdestøylen hotell


OM HEIPLANSAMLINGA:

Heiplansamlinga er ein årleg møteplass og samlar mellom anna fylkesordførarar, ordførarar, politikarar, administrasjon, interesseorganisasjonar, destinasjonsselskap og næringsaktørar.

Hensikten med samlinga er mellom anna å følgje opp Heiplanen. Målet med Heiplanen er å sikre villreinens leveområde samstundes som vi har livskraftige bygder i villreinfjella.

I år er det Agder fylkeskommune som er vertskap, og samlinga skal vera på Hovdestøylen hotell på Hovden i Bykle kommune.

Lenke til Heiplanen: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

 

PROGRAM:

Programkomiteen er i gang med å utarbeide detaljert program for samlinga. Meir informasjon kjem her etter kvart.

Vi har avgrensa tal plassar, så meld deg gjerne på i dag!

Meld på her

Arrangør

Agder fylkeskommune

Kontakt

Katrine Skajaa Gunnarsli