Kjoskrysset og Holskogvegen 29. oktober 2026
Ole Gunnar Hellestøl / Agder fylkeskommune
Vegen blir stengd måndag 9. november klokka 09.00 og opnar att 9. mars 2027.
For dei som går eller syklar, blir det mogleg å passere gjennom anleggsområdet på ein gang- og sykkelveg.
Omkøyring
Anbefalt omkøyring er via Vågsbygdvegen, Steindalen og Voie ringveg, eller via Vågsbygdvegen og Skonnertvegen, med vidare samband til Steindalen og Voie ringveg.
Som følgje av auka trafikk vert fartsgrensa redusert til 30 kilometer i timen ved skulevegen som elevane på Voiebyen skule brukar.
Mykje arbeid
Det er nødvendig å stengje vegen for å skifte ut det kommunale vass- og avløpsanlegget som ligg i Holskogvegen. Grøftene blir opptil fem meter djupe.
– Vi nyttar stengingsperioden og gjennomfører mykje arbeid som ville vore meir komplisert dersom vegen hadde vore open for trafikk, seier prosjektleiar Geir Norum i Agder fylkeskommune.
– Vi skal mellom anna støype brudekke, byggje veg og sideveg til innfartsparkering og i tillegg leggje store VA-røyr og VA-kummar under vegbana, forklarer assisterande byggeleiar Magnus Mikalsen i Agder fylkeskommune.
I tillegg til dette skal Kristiansand kommune byte betongrøyra som Sagbekken renn gjennom.
Fakta om prosjektet
- Det blir bygd eit nytt kryss med rundkøyring og betre løysingar for gåande og syklande i Kjosbukta i Kristiansand.
- Dagens kryss er ein flaskehals, særleg for kollektivtrafikken, og prosjektet skal gi tryggare og meir effektiv trafikkavvikling.
- Prosjektet er ein del av byvekstavtalen for Kristiansandsregionen.
- Prosjektet skal vere ferdig våren 2028, og anleggskostnaden er rekna til 390 millionar kroner inkludert meirverdiavgift.