Diskuterte samarbeid i Nordsjøregionen

Agder fylkeskommune og Nordsjøkommisjonen ser moglegheiter for tettare samarbeid innan mellom anna hydrogen, havvind, transport og beredskap. 

Det var tema då representantar frå Nordsjøkommisjonen besøkte fylkeshuset i Kristiansand 8. september.

Nordsjøkommisjonens visepresident, Helge Stormoen, og generalsekretær Nina Knol møtte politikarar og tilsette i Agder fylkeskommune for å presentere arbeidet til organisasjonen og drøfte felles interesser.

– Nordsjøkommisjonen er ein viktig kanal inn i det europeiske samarbeidet for Agder. Organisasjonen arbeider med fleire av dei same temaområda som står sentralt i Regionplan Agder, sa fylkesvaraordførar Rune André Frustøl.

Nordsjøkommisjonen samlar regionale styresmakter rundt Nordsjøen og arbeider for samarbeid, kunnskapsdeling og påverknad av europeisk politikk innan mellom anna energi, klima, transport og maritime næringar. 

Stående person ønsker velkommen. - Klikk for stort bildeFylkesvaraordfører Rune André Sørtveit Frustøl ønsker velkommen. Agderfk

Under besøket løfta partane fram hydrogen, havvind, karbonfangst og -lagring, transport og næringsutvikling som særleg aktuelle samarbeidsområde.

– Agder har mange styrkar som passar godt med satsingsområda i Nordsjøkommisjonen. Vi ser gode moglegheiter for å utvikle samarbeidet vidare, både gjennom nettverk, erfaringsutveksling og felles prosjekt, sa generalsekretær Nina Knol.

Rådgivar i avdeling for næring og inkludering, Marius Thoresen presenterte Invest In Agder, fylkeskommunen si satsing på å tiltrekkje internasjonale investeringar og nye verksemder til regionen. Deltakarane drøfta også korleis Nordsjøkommisjonen kan bidra til å knyte saman næringsliv og investormiljø på tvers av medlemsregionane.

Dagleg leiar i Agder Europakontor, Thore André Thorsen, orienterte om arbeidet med å hjelpe aktørar i Agder inn i europeiske samarbeidsprosjekt. 

Både Agder Europakontor og Nordsjøkommisjonen ser gode moglegheiter for eit tettare samarbeid gjennom sine nettverk i Europa.

Vil du lese mer om Nordsjøkommisjonen og Agder Europakontor?

Agder Europakontor

Nordsjøkommisjonen