Fv. 450 Brokke-Suleskard stengjer for vinteren laurdag kl. 12

Laurdag 31. oktober kl. 12 stengjer fv. 450 Brokke-Suleskard for sesongen. På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.

Foto av fv. 450 Brokke-Suleskard - Klikk for stort bildeFv. 450 Brokke-Suleskard SanGero/Adobe Stock

Laurdag formiddag blir med andre ord siste moglegheit for å køyre Agders høgastliggjande fylkesveg.

Den populære snarvegen mellom Setesdal og Sirdal blir stengd kvar vinter, mellom anna av omsyn til villreinstammen i Setesdal vesthei.

Den vinterstengde vegstrekninga mellom Brokke og Suleskard er rundt fire mil lang og bind Setesdal saman med Sirdal og Rogaland. Fylkesveg 450 går heilt frå Høydalsmo i Telemark til Ålgård i Rogaland. Resten av vegen er open heile året.

Den delen av fylkesveg 450 som går mellom Brokke i Setesdal og Suleskard i Sirdal vart først opna i 1990. Vegen er vinterstengd frå og med 1. november til og med 20. mai.  Agder fylkeskommune er pliktig å stengja vegen seinast 31. oktober kvart år som følgje av vernereglane. Første moglege opningsdato er 21. mai, men dette avheng av snøforholda i fjellet.

Villreinstammen

Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovudformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskrifta at vegen Brokke-Suleskard skal vera stengd i tidsrommet frå og med 1. november til og med 20. mai.

Forskrifta om vern av Setesdal vesthei kan du lesa her (lovdata.no).