Gjennomslag i Gåsehellertunnelen

Onsdag 7. oktober vart ein merkedag for prosjektet fv. 42 Gåsehellertunnelen i Sirdal kommune.

Bilete av to tunnelløp som møtest. - Klikk for stort bildeHer møter det nye tunnelløpet til venstre det gamle tunnelløpet i Gåsehellertunnelen i Sirdal. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

Då samla folk frå Hæhre Entreprenør AS, Sirdal kommune og Agder fylkeskommune seg langt inni fjellet for å markere gjennomslaget, altså den milepålen det er når to sider møtest i fjellet.

Sjølve gjennomslaget blei gjort 23. september.

– Det er litt høgtidleg og ærbødig, og det vert nesten som å kome inn i ein stor katedral, sa fylkesordførar Arne Thomassen i sin tale, der han var omgitt av opplyste fjellveggar langt inni Haughomfjella.

– Fyrst så er eg stolt over at fylkestinget løyvde pengar til dette prosjektet. Det var det største og viktigaste prosjektet vi hadde i Agder når det gjaldt rassikring, og det var eit tverrpolitisk prosjekt, og då er det fint at opposisjonsleiar Gro Bråten også er her, haldt fylkesordføraren fram.

Bilete av to menn med kake. - Klikk for stort bildeSirdal-ordførar Jonny Liland og fylkesordførar Arne Thomassen delte ut kake til dei frammøtte. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

– Veldig nøgd

Prosjektleiar Einar Linga Larsen i Agder fylkeskommune er svært nøgd med samarbeidet i prosjektet.

– Vi er veldig nøgd med samarbeidet vi har hatt med entreprenøren. Det har vore eksemplarisk så langt, så vi håpar å halde fram i same tralten, sa han under markeringa.

Linga Larsen roser også innbyggjarane og brukarane av vegen.

– Totalt sett er vi godt nøgde. Folk er forståingsfulle og tek i stor grad omsyn til arbeidet som pågår her. Det er så godt som ein kan forvente, seier han.

Bilete av personar i tunnel. - Klikk for stort bildeByggeleiar i Agder fylkeskommune Magne Tveiten (frå venstre), rådgjevar i Agder fylkeskommune Lasse Moen Sørensen, prosjektleiar i Agder fylkeskommune Einar Linga Larsen, varaordførar i Sirdal kommune Isak Liland, ordførar i Sirdal kommune Jonny Liland, fylkesordførar Arne Thomassen, opposisjonsleiar i Agder fylkesting Gro Bråten og avdelingsleiar for vegutbygging i Agder fylkeskommune Steinar Jakobsen. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

Ingen alvorlege skadar

– Så langt har ein teke ut 135 000 kubikkmeter fast fjell frå tunnelen og om lag 30 000 kubikkmeter masse frå forskjæringa, fortel prosjektleiar Linga Larsen.

Ifølgje prosjektleiaren har det så langt gått bra med helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Ein har ikkje hatt alvorlege skadar på personar.

Når arbeidet med fv. 42 Gåsehellertunnelen er ferdig våren 2028, vil det gi ein langt tryggare og mindre rasfarleg veg langs Sirdalsvatnet.

Fakta om prosjektet

  • Det blir bygd ein ny, utvida Gåsehellertunnel ved Valevika langs Sirdalsvatnet.
  • Byggeperioden for prosjektet er frå hausten 2025 til våren 2028.
  • Budsjettet er på 750 millionar kroner.
  • Tunnelen ligg på ei strekning som er utsett for rasfare.
  • Dagens Gåsehellertunnel er om lag 1300 meter lang, medan den nye tunnelen blir om lag 3000 meter.
  • Tunnelen blir bygd som totalentreprise, altså at entreprenøren tek ansvar for både prosjektering og utføring.