Klarer politikarane sjå det store biletet?

Dette spørsmålet blei fylkestingspolitikarane stilt under gårsdagens budsjettkonferanse i regi av Agder fylkeskommune.

– Det å sjå samanhengar, utfordringar og dilemma var bakgrunnen for ei rekkje presentasjonar som blei haldne innan ulike tema som utdanning, folkehelse, samferdsel, demografisk utvikling og økonomiske føringar. Det å sjå det store biletet om Agder, for deretter å kunne ta gode politiske val, var hensikta med dagen, forklarer Tine Sundtoft, fylkeskommunedirektør i Agder.  

På budsjettkonferansen blei politikarane presentert for tal og utviklingstrekk for Agder. Hensikta var å gi dei eit samla bilete av nokre av dei utfordringane og dilemma som fylkeskommunen og regionen står i og som vil forsterke seg framover.

– Det er nyttig at vi politikarar samlast og at vi får det same verkelegheitsbiletet, den same påminninga om utfordringane våre framover. For meg er det blitt tydelegare kva som blir politiske prioriteringar framover, seier Gro Bråten, fylkespolitikar for Arbeidarpartiet og opposisjonsleiar. Ho får støtte frå fylkesordførar Arne Thomassen: - Det har vore ein fin og nyttig dag der administrasjonen har vist oss politikarar nokre utfordringar. Samstundes har administrasjonen også vist oss nokre moglegheiter. Det synest eg er veldig bra. Her har vi høyrt om ny tenking knytt til samferdsel, utfordringane vi står overfor innan tannhelse, og Arly Hauge (fylkesdirektør for utdanning) har teke opp utdanning. Vi har nokre dilemma. For dei fleste ønskjer jo at vi skal vere til stades, at vi skal bruke heile Agder på ein god måte. Så har vi samstundes demografiutvikling som gir oss utfordringar. Så eg vil berre seie tusen takk for opplegget i dag.