Deltakarar på høyringsseminar 26. mars.
Emma Sofia Embla Hellem
Seminaret var ein viktig arena for å diskutere og utvikle planprogrammet og hovudutfordringsdokumentet for forvalting av vatn i Agder.
På seminaret deltok fleire ulike aktørar, inkludert kommunar, næringsliv, miljøorganisasjonar, fagpersonar og alle interesserte som ville bidra til å forme den framtidige vassforvaltinga. Formålet med høyringa var å få fram ulike perspektiv og forslag som kan tas med i det vidare arbeidet med den regionale vassforvaltingsplanen.
Les høyringsdokumenta på Vannportalen her.
Deltakarane fekk dele sine meiningar gjennom ei rekkje aktivitetar, som matrise-oppgåve, gul lapp-øving og gruppediskusjon – alle med fokus på medverknad.
– All honnør til dykk for glimrande gjennomføring og ikkje minst utruleg god planlegging. Eg har ikkje jobba med fagområdet tidlegare, korkje hos noverande arbeidsgjevar Noregs Bondelag eller Statsforvaltaren, og tenkte at her har eg nok lite å bidra med. Men fordi gruppene var satt saman av folk frå ulike organisasjonar og med ulik bakgrunn, blei likevel min landbruksfaglege bakgrunn nyttig. Eg lærde også veldig mykje av dei andre på gruppa, som hadde ein heilt anna kompetanse. Sjølv om vi hadde ein heil dag med same tema, haldt fokuset og engasjementet seg gjennom heile dagen. Programmet var svært variert og sidan vi flytta oss frå bord til bord med forskjellige vertar, blei det ei ny vinkling på diskusjonen kvar gong, seier Silje Lunden i Agder Bondelag, som var ein av deltakarane på arrangementet.
Deltakarar under gul lapp-øving.
Emma Sofia Embla Hellem
Hovudutfordringar og nye prioriteringar
På seminaret blei deltakarane presentert for nokre av dei faktorane som har størst negativ effekt på vassmiljøet i Agder vassregion. Dette dreier seg om langtransportert forureining, vasskraft og jordbruk og urban utvikling. Effekten av klimaendringar reknast også for å gi stadig auka risiko for forverring av miljøet for livet i vatna våre.
Deltakarane blei einige om at spesifikke tema som vedvarande skadar frå forsuring, auka næringstilførsel og auka temperaturar i kystvatnet bør få meir oppmerksemd i neste planperiode. Fleire understreka at kontinuerleg kalking av vassdrag er avgjerande for å motvirke forsuringa. Effektiv vassforvaltning krev også god kommunikasjon og aktiv medverknad.
Presentasjon under seminaret.
Emma Sofia Embla Hellem
Høyringsfrist fram til sommaren 2025
Dei førebelse planane for vassforvalting i fylket er ute til høyring frå 1. januar til 30. juni 2025. Dette gir både offentlege og private aktørar tid til å kome med innspel og forslag. Høyringa er ein del av ein større prosess, der vassforskrifta, som implementerer EU sitt vassdirektiv i norsk lov, har som hovudmål å beskytte vassmiljøet, forbetre miljøtilstanden, og sikre berekraftig bruk av vassressursane.
Korleis kan du bidra?
Alle interesserte har nå moglegheit til å sende inn sine forslag og innspel til fylkeskommunen innan høyringsfristen 30. juni 2025. Det er opna for skriftlege innspel og det planleggast no fleire medverknadsaktivitetar.
Fylkeskommunen oppfordrar spesielt til at dei som bur i regionen, samt organisasjonar og andre involverte partar nyttar moglegheita til å påverke korleis vassressursane i regionen skal forvaltast i åra som kjem. Kjenner du til ei utfordring i ditt nærmiljø som du ynskjer å spele inn?
Innspel kan sendast til:
E-post til fylkeskommunen.
Send førespurnad og dokument på ein sikker måte.
Eller:
Agder fylkeskommune
Avdeling for bærekraftig utvikling
Postboks 788 Stoa
4809 Arendal