Kva kunnskap har vi om sjøområda i og rundt Raet nasjonalpark?

På oppdrag frå samarbeidsprosjektet Bevar Raet har Havforskingsinstituttet utarbeidd ein rapport om sjøområda i og rundt Raet nasjonalpark.

Fisk under vann. Foto. - Klikk for stort bildeFisk under vann i Raet. Geir Eliassen

Denne rapporten, saman med brukarundersøkingar og innspelsrapportar frå yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og dykkarar, vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i det vidare arbeidet med Bevar Raet, sier rådgjevar i avdeling for berekraftig utvikling, Jorunn Haugen.

Formålet med Bevar Raet er å styrke økosystema slik at vi egder kan hauste berekraftig av havet også i framtida og gjenoppbygge økosystema langs kysten vår til eit robust nivå. Bevar Raet har også som mål å gjennomføre prosjektet på ein måte som gir ein balanse mellom brukarinteresser og auka vern, slik at brukarane er med på laget og vernet faktisk fungerer godt over tid.

Dette krev kunnskap om korleis dei marine økosystema verkar i samspel, korleis områda blir brukte i dag, og kva tiltak som gir effekt. Havforskingsinstituttet har no levert ein rapport om kunnskapsstatus og råd for bevaring av marint naturmangfald for sjøområda i og rundt Raet nasjonalpark. Rapporten analyserer statusen på vernet i nasjonalparken og gir råd om korleis parken kan forvaltast meir effektivt for å bevare økosystema.

Prosjektet er oppteke av å kartleggje korleis folk brukar sjøområda i og rundt nasjonalparken. Det vart oppretta ei brukarundersøking i 2023 for at alle skal ha moglegheit til å bidra til kunnskapsgrunnlaget vidare i arbeidet, og fortelje om korleis området i og rundt Raet nasjonalpark blir brukt. Denne brukarundersøkinga er framleis open, og alle innspel er viktige vidare i arbeidet. Det er også blitt utarbeidd og publisert ei innspelsrapport om yrkesfisket i og rundt Raet nasjonalpark, og det er ei innspelsrapport om fritidsfiske og dykking på veg.

Lenkje til rapporten frå Havforskingsinstituttet
Lenkje til innspelsrapporten om yrkesfiske i og rundt Raet nasjonalpark
Lenkje til brukarundersøkinga, «Korleis brukar du sjøområda i og rundt Raet nasjonalpark?