Løgane bru opna onsdag

Onsdag vart opninga av nye Løgane bru på fylkesveg 4150 i Flekkefjord markert.

Bilete av mann klipper snor. - Klikk for stort bildeFylkesordførar Arne Thomassen erklærer Løgane bru for opna. Jo Vegard Aardal / Agder fylkeskommune

Det var fylkesordførar Arne Thomassen og ordførar i Flekkefjord, Torbjørn Klungland, som hadde gleda og æra av å starte den formelle opninga med sine talar.

– Det er ei stor ære for meg å føreta opninga av denne fantastiske brua, sa fylkesordførar Arne Thomassen i si tale, like før han klipte snora som var strekt over vegen.

Løgane bru kryssar kanalen mellom Loia og Grisefjorden, like ved bygda Loga i Flekkefjord kommune.

Brua erstattar ei gammal trepælebru frå 1952 som var i dårleg forfatning.

Den nye brua har eit spenn på 23 meter og er utan søyler i kanalen. Ho er tilpassa det eksisterande vegsystemet, samstundes som det er gjort ei lita breiddeutviding på austsida av brua.

Dronebilete av bru over kanal. - Klikk for stort bildeSlik ser den ferdige brua ut frå lufta. Jo Vegard Aardal / Agder fylkeskommune

Ros til alle involverte

I alt er det brukt 7 300 arbeidstimar på prosjektet, hovudsakleg frå hovudentreprenøren FS mur.

At 440 av desse timane er utførte av lærlingar, trekte fylkesordførar Thomassen fram som særleg gledeleg.

Prosjektleiar Geir Norum trekte fram sentrale personar i prosjektet, mellom anna byggeleiarane Tove Dirdal og John Ove Hjemlestad i Agder fylkeskommune, entreprenøren FS Mur og dei næraste naboane Svein Flikka og Caroline Ravndal, som har bustad på kvar si side av vegen, på austsida av brua.

– Dette er svært viktige personar. Vi har vore heilt avhengige av naboane for å få til dette prosjektet. Det er ein smal plass, og vi har hatt mellombels veg rett ved sida av den nye brua, sa Norum i ein takketale.

Tomta til nabo Svein Flikka har fått køyrt seg gjennom byggeperioden, men er no i god stand.

– Heile hagen til Svein var rasert, men no ser vi at det gror godt i Flekkefjord, sa Norum til latter frå dei frammøtte.

Bilete av personar på veg like ved bru. - Klikk for stort bildeProsjektleiar Geir Norum (til venstre) trekte fram byggeleiarane Tove Dirdal og John Ove Hjemlestad i Agder fylkeskommune, entreprenøren FS Mur og dei næraste naboane Svein Flikka og Caroline Ravndal. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

– Ei nydeleg bru

Byggeleiar Tove Dirdal i Agder fylkeskommune er svært nøgd med markeringa.

– Det kjennest herleg å opne denne fine brua, og ikkje minst sjå kor fint det har blitt: fin bru, fint i terrenget rundt og fint hos naboane. Det er ei glede, og det er herleg at dagen har kome, seier Dirdal.

Ho rosar òg samarbeidet i prosjektet.

– Vi har hatt eit kjempefint samarbeid. Vi har hatt ein dyktig entreprenør i FS Mur, som har levert ei nydeleg bru. Vi har hatt eit godt samarbeid med Flekkefjord kommune. Dei har lagt VA-anlegg i kanalen etter at omkøyringsvegen vart fjerna, og det har vore ei glede å jobbe med kommunen, seier ho.

På same vis som prosjektleiar Norum trekkjer òg byggeleiaren fram kor viktig det har vore med gode naboar i prosjektet.

– Eg kan ikkje få skrytt nok av dei, seier Dirdal, og legg til at uansett kva ein har spurt naboane om, har ein alltid fått ja til svar.

Bilete av tre personar som sit i campingstolar. - Klikk for stort bildeDet var godt oppmøte frå dei næraste naboane. Campingstolane gjorde markeringa enda ei hakk betre og meir komfortabel. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

Fakta om fv. 4150 Løgane bru

  • Løgane bru ligg på fylkesveg 4150 i Flekkefjord og er einaste vegsamband til bustad- og næringsområde på vestsida av elva.
  • Den nye brua erstattar ei trepælebru frå 1952 som var i dårleg stand og måtte rivast.
  • Prosjektet starta hausten 2025 og vart ferdigstilt sommaren 2026, med mellombels veg for trafikk i anleggsperioden.
  • Brua kryssar kanalen mellom Loia og Grisefjorden, har eit spenn på 23 meter og er bygd utan søyler i kanalen.