Løgane bru tek form

På Loga i Flekkefjord reiser det seg ei splitter ny bru.

Bilde av bru med reisverk. - Klikk for stort bildeLøgane bru tek form. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

Gamle Løgane bru på fv. 4150, ei trepælebru frå 1952, var i så dårleg forfatning at ho blei riven. I desse dagar reiser det seg ei splitter ny, moderne bru over kanalen mellom Loia og Grisefjorden.

– Det blei gjort nokre tiltak i 2019, men ein måtte gjere meir. Vi fekk ein tidsfrist frå Vegdirektoratet, der brua til slutt ville bli stengd fordi ho var i så dårleg stand. No er den gamle brua riven, og den nye brua er under oppføring, seier byggeleiar Tove Dirdal i Agder fylkeskommune.

Dei første bilane vil rulle over den nye brua i mai. I anleggsperioden har det likevel vore mogleg å krysse kanalen med bil, sidan det er laga ein mellombels veg like nord for den nye brua.

– Utruleg kjekke naboar

Brua ligg like ved fleire bustader, og byggeleiaren rosar samarbeidsvilja til dei som bur tettast på byggeplassen.

– Eg synest vi har hatt utruleg kjekke naboar, og det gjer det så mykje enklare for Agder fylkeskommune å gjere ein slik jobb når vi har så god goodwill frå naboane, seier Dirdal.

For at arbeidet skulle bli noko av, var ein heilt avhengig av å vere tett på nabohusa og bruke hagane i arbeidet med den nye brua.

– Vi er prisgitt at naboane ønskjer dette, og vi har utruleg greie naboar her, seier Dirdal.

Detaljar av bru og reisverk. - Klikk for stort bildeDetaljar frå nye Løgane bru. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

VA-anlegg

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Flekkefjord kommune. Kommunen hadde ei vassleidning under den gamle brua.

– No har Flekkefjord kommune valt å leggje sitt VA-anlegg under kanalen der vi har hatt omkøyringsvegen vår, forklarar Dirdal.

Brudekke og kranselag

Bilete av personar på byggeplass. - Klikk for stort bildeKranselaget onsdag vart markert med grillmat. Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune

Onsdag vart det arrangert kranselag for å markere at brudekket er på plass.

– Vi gjer det gjerne slik at når vi har fått huset tett og taket på, har vi eit lite kranselag. No har vi fått brudekket på plass, og dei har begynt å rive reisverket, så då må vi markere litt.

I staden for den trauste og tradisjonelle kaka vart det heller fyrt opp i grillen som stod under brua – høveleg lunsjmat for svoltne arbeidsfolk.