Min side er laga med mål om å gjere det lettare for deg å halde oversikt over dine fylkeskommunale forhold, og gjev deg trygg og enkel tilgang til:
- Din profil – sjå kontaktopplysningane vi har registrert om deg
- Fakturaoversikt – få oversikt over fakturaer vi har sendt deg dei siste tre åra
- Sikker innlogging – logg inn med elektronisk ID, som BankID, BuypassID eller ComfidesID
– Vi ønskjer å gje innbyggjarane våre ei moderne og brukarvenleg løysing som samlar relevant informasjon på ein stad. Min side er eit viktig steg i retning av meir tilgjengelege og digitale tenester, seier avdelingsleiar for rekneskap og løn, Elisabeth Aasbø Skarstein.
Eit samarbeid for framtida
Min side er utvikla i samarbeid med IKT Agder, og er ein del av eit større arbeid for å digitalisere og forbetre tenestene til innbyggjarane i regionen. Løysinga vil vidareutviklast i takt med behov og tilbakemeldingar, og det blir arbeidd med nye funksjonar.
Målet er klart: å gjere det enklare for deg som innbyggjar å finne informasjon – når det passar deg.