Fylkesordførar Arne Thomassen og Sirdal-ordførar Jonny Liland er nøgde med at tunnelarbeidet er i gang.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
Agder fylkeskommune, Sirdal kommune og Hæhre Entreprenør AS markerte onsdag ettermiddag at sjølve tunnelarbeidet i prosjektet fv. 42 Gåsehellertunnelen er sett i gang.
– Det aller viktigaste er at dei som bur her i området skal få ein trafikksikker veg, seier fylkesordførar Arne Thomassen.
Våren 2028 vert den nye, trafikksikre vegen opna.
– For Sirdal betyr dette enormt mykje. Dei har levd i eit rasutsett område i mange år, og lever framleis med det, seier Thomassen.
– For eit drønn!
Like etter salva var fyrt av i den nye Gåsehellertunnelen.
Paul Jarle Lund / Agder fylkeskommune
Dagen vart høveleg markert med kake og kaffi inne i Bjørkåstunnelen. Etter at kaka vart oppeten, gjekk eit lite følgje bort til tunnelinnslaget til den nye Gåsehellertunnelen for å fyre av ei kraftig salve.
Thomassen og Sirdal-ordførar Jonny Liland fekk æra av å trykke på knappane.
– Ein, to, tre!
– Å, helledussen for eit drønn, kom det kjapt frå fylkesordførar Thomassen etter at salva var avfyrt, til latter frå mellom anna fylkesvaraordførar Rune André Sørtveit Frustøl og fylkespolitikar Sølvi Gjerdal Thomassen.
Både Thomassen og Liland glisa breitt etter smellet.
Største fylkesvegprosjekt
– Dette er det største fylkesvegprosjektet som Agder fylkeskommune har hatt i eigen regi, seier prosjektleiar Geir Norum, og legg til at prosjektet har eit budsjett på 750 millionar kroner.
På strekninga skal det byggjast rundt 1700 meter med ny tunnel, i tillegg til at rundt 900 meter med eksisterande tunnel vert oppgradert. Det vert òg arbeidd i dagsona mellom Bjørkåstunnelen og Gåsehellertunnelen, ei strekning på rundt 200 meter.
Samling utanfor den nye tunnelåpninga, med ei blanding av personer frå Agder fylkeskommune, Sirdal kommune og Hære Entreprenør AS.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
Fleire miljøgevinstar
I anleggsområdet er det no fleire elektriske maskiner i sving, som eit ledd i å redusere utsleppa.
Elektrisk hjullastar som brukast i arbeidet med ny tunnel.
Per Kristian Leikanger / Agder fylkeskommune
– Vi skal redusere klimagassutsleppa i våre prosjekt. Det er eit overordna mål i fylkeskommunen, seier Norum.
Mellom anna vert boringa før sprenging utført med elektriske maskiner, i tillegg til at ein hjullastar og diverse supplerande bilar er elektriske.
Drivevatnet frå tunnelen går også gjennom ein grundig reinseprosess.
– Drivevatnet frå tunnelen køyres gjennom ei grundig reinseløysing, slik at vatnet som vert slept ut i Sirdalsvatnet er reint og fint.
Fakta om prosjektet
- Det blir bygd ein ny, utvida Gåsehellertunnel ved Valevika langs Sirdalsvatnet.
- Byggeperioden for prosjektet er frå hausten 2025 til våren 2028.
- Budsjettet er på 750 millionar kroner.
- Tunnelen ligg på ei strekning som er utsett for rasfare.
- Dagens Gåsehellertunnel er om lag 1300 meter lang, medan den nye tunnelen blir om lag 3000 meter.
- Tunnelen blir bygd som totalentreprise, altså at entreprenøren tek ansvar for både prosjektering og utføring.