Nytt ferjesamband frå Kristiansand til Nederland gir auka samarbeid og utvikling

7.april opna eit nytt ferjesamband mellom Kristiansand og Eemshaven i Nord-Nederland. Fylkesordførar Arne Thomassen meiner den nye ferja blir veldig viktig for Agder.

Fergen Romantika ligger til kais i Kristiansand havn. Blått hav og solskinn. - Klikk for stort bildeFergen Romantika til kais i Kristiansand havn. Jon Hallvard Eide, Agder fylkeskommune

 –Den nye ferja til Nederland er veldig viktig for Agder som ein internasjonalt-orientert og eksportrettet region. Ho vil bidra til å tilrettelegga for turisme og handel, så vel som for auka samarbeid mellom næringslivet, universitet, skular, kulturinstitusjonar og offentleg sektor i dei to regionane, seier fylkesordførar Arne Thomassen.

–Nord-Nederland og Agder har dessutan mykje til felles når det gjeld produksjon av fornybar energi, konkurransedyktige maritime næringar og høge klima-ambisjonar. Begge regionane er òg medlemmer av Nordsjøkommisjonen, fortset Thomassen.

Regionar som deler moglegheiter og utfordringar

René Paas, kommisjonæren til den nederlandske kongen i Groningen, peikar på at det nye ferjesambandet vil hjelpa til med å styrka samarbeidet mellom Nord-Nederland og Agder, to regionar som delar mange moglegheiter og utfordringar.

Nord-Nederland består av dei tre provinsane Drenthe, Fryslan og Groningen, med dei fire største byane Assen, Emmen, Groningen og Leeuwarden.  

–Både Agder og Nord-Nederland investerer i ei grøn utvikling, med hydrogen og berekraftige transportformer. Det er grunnen til at den nye ferja har som mål å bli eit null-utsleppssamband i 2026. Vi må arbeida saman på tvers av Nordsjøen, seier Paas.  

Informasjon om den nye fergeforbindelsen mellom Kristiansand og Eemshaven (red.anm.: utgått lenke fjernet 8. desember 2023)