Ny rektor ved Setesdal vidaregåande skule

Geir Reinertsen har takka ja til stillinga som rektor ved Setesdal vidaregåande skule. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Vennesla vidaregåande skule.

Geir ser fram til å ta fatt på den nye rolla si ved Setesdal vidaregåande skule.

– Eg kjenner meg svært heldig som får høve til å bli ein del av teamet ved Setesdal vidaregåande skule, og eg gler meg til å byrje 1. februar. Det er ein mangfaldig og vidstrekt skule, og eg ser fram til å vere med på den vidare utviklinga. Skulen er ein viktig del av bygdene i Setesdal, og alle vi tilsette skal gjere vårt ytste for å gi ungdommane i dalen ei god opplæring og ruste dei for framtida, seier Geir Reinertsen.

Geir har lang erfaring frå vidaregåande opplæring og skuleleiing i Agder. Han har tidlegare vore avdelingsleiar ved Øvrebø vidaregåande skule og rektor ved Folkehøgskolen Sørlandet på Birkeland.

– Vi er svært glade for at Geir har takka ja til stillinga. Han har solid leiarerfaring frå vidaregåande skule og kjenner Agderskulen godt. Vi ser fram til å få han med på laget som rektor ved Setesdal vidaregåande skule, seier assisterande fylkesdirektør for utdanning, Oddvar Haaland.